NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

lørdag 3. november 2018

Tur til Lavvoen


Onsdag gjekk gruppe 2 på Raud avdeling på tur til Lavvoen. Kjekt å vere på tur. Når vi kom fram til Lavvoen gjekk og kraup vi litt opp i sida. Det er utfordrande for små bein å gå i ulent terreng, men vi blir stadig flinkare. I dag oppdaga dei at når det var vanskeleg å gå fordi det var så bratt, så gjekk det an å krype. Vaksne rollemodellar som kryp først er gode å ha.

Rammeplanen seier at gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne  og ute, året rundt.

I skråninga fann vi gauksyre som vi måtte smake på. Nokre syntest det var godt, andre spytta det ut.




Eit innsekt vi fann og ein makk blei og grundig studert.


                          

I dag åt vi maten vår ute på tur, det er spanande og maten smakar ekstra godt ute. Etterpå rusla vi oss nedover mot barnehagen igjen for å ta oss ein liten blund 😊

 


På veg nedover stien møtte vi ein katt, som heldt oss med selskap eit stykke på vegen.


Mykje spanande å sjå når ein er på tur 😊