Torsdag hadde vi ein spanande dag, der vi fekk
eksperimentere med musikk, lys og mørke.
Vi fekk bruke sansane våre på ulike måtar i møtet
med lyd, lys, såpebobler og ballar.
Rammeplanen seier at gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna: «møter eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og utforskar og deltek i kunst- og kulturopplevingar saman med andre»
KD, rammeplan. s. 51
Kva skjedde når vi la handa eller foten på lyset?
Kunne lyset gå gjennom handa vår?
Det såg i alle fall spanande ut 😊