NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

søndag 4. november 2018

Revane laga tennbrikettar på tur

Ein dag gjekk turen vår til skulen sin gapahuk. Der skulle vi gjer noko vi ikkje hadde gjort på tur før, nemlig lage tennbrikettar! Spennande J


På veg opp til gapahuken, tok vi ei lita pause og prøvde å telle alle båtane vi såg på hamna.
Kva spennande er det i posen?

Vi hadde med oss "avisruller" med hampetau som vi hadde rulla i barnehagen, også brukte vi stearinlys i fine farger som vi skulle smelte og ha uttapå "avisrullane"


Dei vaksne syntest også det var spennande å sjå om stearinen smelta J


 

Alle fekk prøve kvar sin gang å dyppe "avisrullane" nedi kjelen med smelta stearin i. Vi måtte vere veldig forsiktig, for stearinen var veldig varm!



Vi måtte ta ein sjekk på om tennbrikettane brann godt, og det gjorde dei J

.................................


I denne aktiviteten har vi vore bevisste på gjenbruk. Barna har fått lære at avisene som vi brukar å sortere og putte i papp og papir dunken, og restar av stearinlys, kan brukast til å lage fine tennbrikettar som kan hjelpe oss å få fyr på bålet

Vi hadde ein super dag i gapahuken  J