NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 14. november 2018

Haustens bilete – Harane


Det er så fint når det er haust. Fargane går frå grøn til raud, gul, oransje og brun. I løpet av dei siste vekene har vi hatt nokre nydelege haustdagar etter ei lang regnversperiode. 


Med kvar sin pose i handa skulle Harane få samle inn blad på tur. Dei skulle få velje akkurat dei blada dei ville som låg på bakken. Det var både store og små, brune og gule, og nokon som hadde fått alle fargane på seg. 
Dei såg ut som ein regnboge.

                             

Etter turen la vi alle blada i aviser, og stabla mange bøker på. Her skulle dei få tørke nokre dagar før vi skulle ta dei fram igjen. Veka etter fann vi fram blada saman med malingsfargane raud og gul, og rullesvampar. 


Barna fekk heile bladsamlinga si på bordet og fekk velje ut kva blader dei ville ha på arket og lage kunstverk med. Nesten alle valgte det største lønnebladet dei hadde plukka – dei var veldig populære på tur også.

                             

Nokre mala over bladet, medan andre mala rundt bladet. Bladet satt ikkje så godt på papiret, så den vaksne måtte av og til holde det på plass medan det blei mala i rundt.


Når barna tok vekk bladet eller blada så var det flotte mønster etter dei. 


Vi har pynta grovgarderoba med dei flotte bilda!


Barna skal støttast i å vere aktive og skape eigne kunstnariske og kulturelle uttrykk. Barnehagen skal leggje til rette for samhøyrsle og kreativitet ved å bidra til at barna saman får oppleve og skape kunstnariske og kulturelle uttrykk (Rammeplanen 2017:50)