NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 27. november 2018

Små bakerar


I går gjekk flagget til topps på avdeling Gul, bursdagsjenta vår skulle feirast med baking for både Gul og Blå avdeling!


Eit av alternativa til bursdagsfeiringa er å få bake grove rundstykker/bollar, så det måtte vi prøve ut med våre søte små.



Å få bruke sansane sine, og få vere med å lage/forme bollane, sjå dei blir steikt i ovnen og etterpå få lov å ete dei er noko spesielt! 

 Kjekt med slike dagar på Hjerterommet/kjøkkenet vårt og det å få ete eigen bakst kan bidra til matglede hjå barna.

 

Så blei bursdagsjenta feira med krone og sang, før det var kviletid for alle bakerane våra! 

fredag 16. november 2018

I enden av regnbogen finst det GULL



og det er barnehagen vår, og alle dei flotte borna vi får lov å vere saman med nokre viktige år av livet deira. 

GOD HELG!



Estetisk oppleving for barna på raud avdeling, gruppe 2

Torsdag hadde vi ein spanande dag, der vi fekk

eksperimentere med musikk, lys og mørke. 

Vi fekk bruke sansane våre på ulike måtar i møtet

med lyd, lys, såpebobler og ballar.
Rammeplanen seier at gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna: «møter eit mangfald av kunstnariske og kulturelle uttrykksformer og utforskar og deltek i kunst- og kulturopplevingar saman med andre» 

KD, rammeplan. s. 51

Kva skjedde når vi la handa eller foten på lyset?
Kunne lyset gå gjennom handa vår?
Det såg i alle fall spanande ut 😊

onsdag 14. november 2018

Haustens bilete – Harane


Det er så fint når det er haust. Fargane går frå grøn til raud, gul, oransje og brun. I løpet av dei siste vekene har vi hatt nokre nydelege haustdagar etter ei lang regnversperiode. 


Med kvar sin pose i handa skulle Harane få samle inn blad på tur. Dei skulle få velje akkurat dei blada dei ville som låg på bakken. Det var både store og små, brune og gule, og nokon som hadde fått alle fargane på seg. 
Dei såg ut som ein regnboge.

                             

Etter turen la vi alle blada i aviser, og stabla mange bøker på. Her skulle dei få tørke nokre dagar før vi skulle ta dei fram igjen. Veka etter fann vi fram blada saman med malingsfargane raud og gul, og rullesvampar. 


Barna fekk heile bladsamlinga si på bordet og fekk velje ut kva blader dei ville ha på arket og lage kunstverk med. Nesten alle valgte det største lønnebladet dei hadde plukka – dei var veldig populære på tur også.

                             

Nokre mala over bladet, medan andre mala rundt bladet. Bladet satt ikkje så godt på papiret, så den vaksne måtte av og til holde det på plass medan det blei mala i rundt.


Når barna tok vekk bladet eller blada så var det flotte mønster etter dei. 


Vi har pynta grovgarderoba med dei flotte bilda!


Barna skal støttast i å vere aktive og skape eigne kunstnariske og kulturelle uttrykk. Barnehagen skal leggje til rette for samhøyrsle og kreativitet ved å bidra til at barna saman får oppleve og skape kunstnariske og kulturelle uttrykk (Rammeplanen 2017:50)

mandag 12. november 2018

Tur til skulen sin Gapahuk



På torsdag var ei gruppe frå Raud avdeling på tur 
til skulen sin gapahuk.
Dei var flinke til å gå i turtau, og jobba hardt for å
kome opp dei bratte bakkane på små fota!
Vi måtte kvile av og til.

På vegen såg vi søppelbilen, 


ein tøff traktor 

og ei flott utsikt over Vatnebygda!
I gapahuken åt vi godt 
og kvilte slitne fota.


Etterpå leika vi oss i skogen. 


Der fann vi flotte haustblad med sopp på.

Takk for ein kjekk tur!

tirsdag 6. november 2018

KORT OG LANG - MINST OG STØRST


Grå avdeling jobber med omgrepa kort, lang, 
minst og størst.
 
Vi gjer avdelinga klar til Jul 
med det vi finn i nærområdet.


mandag 5. november 2018

Kjempeflott haustdag ved gapahuken


Onsdag 31.10 gjekk GRØN avdeling på tur til gapahuken til skulen. 

                                  

Det var mykje fin og kreativ leik i skogen. Vi fann dama til Knerten, mykje nøtter (nokre hadde ekornet smakt på!), makkar, fiskestenger, mosefiskar og kvisthytte.

                              


Gjennom arbeid med kropp og rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne  og ute, året rundt. Barnet skal vidareutvikle motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar. Barnet skal oppleve og vurdere og meistre risikofylt leik gjennom kroppslege  utfordringar, bli trygge på eigen kropp, få ei positiv oppfatning av seg sjølve og  blir kjende med sine eigne kjensler. (Rpl:49)



Tur og leik i skogen gir barna utfordringar og allsidige rørsleerfaringar. Det vrimla av glade Grevlingar og Skogmus!


                              

søndag 4. november 2018

Revane laga tennbrikettar på tur

Ein dag gjekk turen vår til skulen sin gapahuk. Der skulle vi gjer noko vi ikkje hadde gjort på tur før, nemlig lage tennbrikettar! Spennande J


På veg opp til gapahuken, tok vi ei lita pause og prøvde å telle alle båtane vi såg på hamna.
Kva spennande er det i posen?

Vi hadde med oss "avisruller" med hampetau som vi hadde rulla i barnehagen, også brukte vi stearinlys i fine farger som vi skulle smelte og ha uttapå "avisrullane"


Dei vaksne syntest også det var spennande å sjå om stearinen smelta J


 

Alle fekk prøve kvar sin gang å dyppe "avisrullane" nedi kjelen med smelta stearin i. Vi måtte vere veldig forsiktig, for stearinen var veldig varm!



Vi måtte ta ein sjekk på om tennbrikettane brann godt, og det gjorde dei J

.................................


I denne aktiviteten har vi vore bevisste på gjenbruk. Barna har fått lære at avisene som vi brukar å sortere og putte i papp og papir dunken, og restar av stearinlys, kan brukast til å lage fine tennbrikettar som kan hjelpe oss å få fyr på bålet

Vi hadde ein super dag i gapahuken  J

lørdag 3. november 2018

GOD HELG


Av og til er det deilig å få lov å vere barn! 
 
God helg alle saman!