Den nyaste og minste avdelinga vår heiter
NØTTELITEN. (barnehageåret 15-16.)
På Nøtteliten går det 9 barn født i 2014. Dei held til på Vatne helsehus.
No er tilvenninga kome godt i gang og for kvar dag vert vi litt betre kjent.
Barn-Voksen og Barn -Barn.
"Tidlege erfaringar med jamaldringar er svært viktig for samspelsevnene og gjer barnehagen til ein viktig arena for sosial utvikling, læring og etablering av vennskap."
- Rammeplan for barnehagen -
Vi har alt hatt nokre turar i nærmiljøet.
Disse er gøy for både
liten og stor.
Kjekk leik i sandkassa.
Å krype på bakken er god trening for motorikken.
Med gode vogner er
det lett å komme seg på tur.
Det å komme seg ut på
tur er også kjekt for dei minste barna i barnehagen. Barnehagen har kjøpt inn
vogner med plass til fire, dette gir oss
mulighet til å komme oss på tur. Vi ønsker å komme oss mykje ut på tur i året
som kjem, for å utforske og nytte dei mange fine plassane i nærområdet vårt.