Det hadde komt farge på blada og når vi rista på greinene, dala dei ned! Hausten er på veg og naturen held på å gjere seg klar til vinteren. Vi studerte ulike blad, såg på forma deira og at dei hadde ulike fargar. På nokre blad fann vi til og med bitte små sneglar, som måtte studerast!
Nede på Småbåthamna var det ein båt som kom på ein lastebil, nede i sjøen var det små og store fisker. Nokre såg sjøstjerne og skjell. Mykje å undre seg over.
Ved sjøkanten var det mange hus, det var nokon som visste at det heitte naust og at det var huset til båtane.
Vi gjekk opp forbi huset til besteforeldra til Othelia, der var det masse plommer, fisk i dammen og høner i hagen. Heldige oss fekk mate fiskane og ha med oss plommer og egg tilbake til barnehagen.
I dag har vi utforska og oppdaga vårt eige nærmiljø.