NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 17. september 2015

Brannvernveke og brannbilen på besøk i barnehagen.


Denne veka er det den nasjonale brannvernveka i heile Norge og vi har tema brannvern i barnehagen. Brann er spennande, men også veldig skremmande for mange av borna. Vi prøver å skape tryggheit og ro rundt temaet slik at alle veit kva dei skal gjere når brannalarmen går her i barnehagen. Vi pratar om brann, brannalarm, brannbil og møtestadane våre ute om brannalarmen gjeng. Vi ønskjer at alle skal føle seg trygge på kva ein røykvarslar er og lyden den lagar om det brenn. Det er også viktig at alle skal vite kva dei skal gjere om vi høyrer lyden av brannvarslaren og føle seg trygge på korleis dei skal reagere og kvar dei skal springe. Vi har faste møtestadar ute for dei ulike avdelingane, Bikuba skal møtast i sandkassa og Maurtua ved vennedissa. Det er også viktig at ingen gøymer seg, så det snakkar vi mykje om. 
Sist, men ikkje minst syng vi "Når det brenner" og "Bæ-bu sangen" som handlar om kva vi skal gjere når det brenn, og snakkar om telefonnummeret til brannvesenet som er 110!
Vi ventar spent på brannøving i barnehagen!

BRANN - SANG
Mel: Fader Jakob
Når det brenner, når det brenner.
Kva gjer du, kva gjer du?
Ringer brannstasjonen,
ringer brannstasjonen.
1-1-0, 1-1-0.
......................
En brann er ikke tull 
Du må ringe 1-1-0 
Liten glo blir fort til flamme 
Du må ringe med det samme 
Så før brannen står for full, 
og du mister gods og gull 
Må du ringe 1-1-0 




Onsdag 16. september hadde vi besøk av brannbilen, dette hadde vi gleda oss til sidan omtrent i fjor og det var stor stas for alle barna. Alle hadde stor respekt for både brannbilen og brannmennene som var med. Alle borna som hadde lyst fekk sitte på ein tur opp Ulvestadvegen og rundt gjennom Vatne sentrum, dette var veldig spennande! 
Vi fekk prøve brannhjelmar, sjå på utstyret deira og høyre om brannvern frå ekte brannmenn.