Sol, joggesko, glade
barn og vaksne!!
I
dag var det hinderløype ute, med ulike postar rundt barnehagen. Variert fysisk aktivitet både inne og ute har svært mykje å seie
for utviklinga av motorisk dugleik og kroppskontroll. Barna får ei positiv
sjølvoppfatning gjennom kroppsleg meistring og dei skaffar seg gode erfaringar
med varierte og allsidige rørsler og utfordringar (R.pl.)
På dei ulike postane måtte vi vente på tur
og samarbeide.
Vi balanserte..
Hoppa
over hinder..
sykla..
og kasta på blink!!
Barna fekk utfordringar i varierte og
allsidige rørsler i dag. Venta på tur, tok hensyn og oppmuntra kvarandre. Vi opplevde gleda av å vere saman og
fellesskapet vi hadde når vi gjennomførte hinderløypa. Fellesskapet er grunnlaget for å bygge opp
vennskap mellom dei enkelte barna.
No gler vi oss til fredag, når Bikuba skal
arrangere månadsfest for heile barnehagen!!