Vennskap: Torsdag var Gulharane på hausttur til lavvoen vår i skogen. Sjå berre her kor flinke vi har blitt til å vere turvenner!
Alle treng seg ein turvenn. Det er trygt og godt å ha nokon å halde i handa når vi er på tur. Kjekt å ha ein å prate med, flire med, dele opplevingar med… og når vi går på vegen der bilane køyrer er det viktig å ha ein turvenn slik at barna kan hjelpe kvarandre å passe på – for vi vil at ALLE skal vere trygge på tur!
«Skal vi være venner, skal vi
leke sammen du og jeg – det å gå alene, det er så kjedelig syns jeg….
Vi kan være venner, vi kan leke sammen du og jeg, kom å
rekk meg hånden så går vi sammen på vår vei… Å være venner, å holde hender,
slik at vi kjenner – det gjør godt!!»
(…og det heilt inn i hjertet vårt…!)
I haust har vi jobba mykje med vennskap på Maurtua; det å
bry oss om kvarandre, dele med kvarandre, samarbeide og bruke fin stemme når vi
snakkar til kvarandre J
Hausten; gule blad, raude blad, brune blad, nokre få
blad hengande i treet – mange blad liggande på bakken… Kanskje dei har dansa i
vinden – svevd i lufta - før dei landa på bakken…. No hadde dei stoppa.
«Se bladene de faller ned – da er det høsten skal du se…
Blader faller ned, blader faller ned, ja blader faller ned!»
|
|
Vennetrollet vårt i skogen;
På
veg til lavvoen går vi forbi ein rotvelt, og denne kan med god fantasi sjå ut
som eit bustetroll. Rett
så søt eigentleg. Denne trollhola må utforskast på kvar tur. Vi må kjenne på
den lange nasa til trollet som det bruker til å lukte med… (NB… men berre
kjenne, for trollet er redd for nasa si og vil ikkje at vi skal knekke den… men
stryke på den – det kan vi gjere…) Vi kjenner på dei lange (litt skumle) armane,
vi klatrer litt opp på skuldra og nokre tør seg til og med inn i sjølve
trollhola. Her
møter vi fine edderkopper: «Lille Petter
edderkopp han klatret på min hatt. Så begynte det å regne og Petter ned han
datt… Så kom sola å skinte på min hatt. Då blei det liv i edderkopp som klatret
på min hatt..»
For nokre barn er det litt skummelt med troll, men vi
snakkar mykje om at dette berre er eit tre som har blåst ned av sterk vind. Vi snakkar mykje om at det ikkje
finst troll på ekte, berre i eventyr, i leiken og i fantasien vår…
Lurvelegg:
«Han tar seg frokost
på en furustubbe, han heiter Lurvelegg og er en gubbe: Med ett øye, to naser,
tre hoder og fire bein, med fem føtter, seks ører og sju negler av gråstein…»
Osv…
Vi fant
ei spennande Bukkande Bruse bru på tur i dag. I tur og orden bytta barna på å
vere trollet som satt under brua, den minste, mellomste og den store bukken,
mens vi sang Bukkene bruse songen.
Turboka
vår i dag handla om det å vere glad i nokon, og kor vanskeleg det kan vere å
klare å fortelje andre kor glad vi er i dei!
Då passa
det superflott at vi på veg attende til barnehagen fant fine hjerteblad – blad
med kjærlighet!!!
Vi var enige
i at mamma og pappa – ja dei er vi såååå glade i – faktisk heilt
TIL MÅNEN……….
OG TILBAKE IGJEN…….. wow….
(… og då
kan du berre tenke sjølv kor glad vi er i dei då…. for det er langt, og
lenger enn langt og faktisk heilt ubeskriveleg mykje….)
Ein fin tur, med ein fin gjeng, i ein fin skog, i ei fin
bygd, frå ein fin barnehage – med mange fine tankar om korleis vi skal vere
gode venner mot kvarandre – rett og slett ein fin gjeng med barn som vi er så
glad i J