I desember har vi kosa oss med juleførebuing, vi har hatt samling
kvar morgen med ulike julesongar, vi har sett på julekrybba og hatt tenning av
lys. Mandag og torsdag har vi hatt ei lenge morgensamling der vi pakkar opp ein
pakke, inne i pakken er det ulike figurar som høyrer til juleevangeliet. Ein figur blir pakka opp
kvar gong og ein ny del av juleevangeliet blir fortalt. Slik har vi fortalt
juleevangeliet til barnegruppa og blitt kjent med både Maria, Josef, engelen,
Jesus barnet, gjeterane og dei vise menn.
Barna
har også laga diverse julegåver og julepynt, barna liker veldig godt forming og
det er ekstra spennande når vi pakkar det inn og lager til fine julegåver til
mamma og pappa.
Vi
har både baka julemenn og pepperkaker, pepperkakene fekk barna pynte med
godsaker og alle fekk med seg eit stort hjerte heim som dei hadde pynta sjølv.
Vi
har hatt ei fin tid fram mot Jul, borna har fått kjennskap til Kristne Juletradisjonar og vi har skapt forventningar fram mot Jul. Det har vore ei
koselig og stemningsfull Adventstid med rolege stunder og både spennande og
hemmelige aktivitetar i mindre grupper.