NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 2. desember 2015

NO TENNER VI DET FØRSTE LYS







No tenner vi det første lys, 
åleine må det stå. 
Vi ventar på det vesle barn 
i krubba lagt på strå. 


No tenner vi det andre lys, 
dei står der stilt og skin. 
Vi ventar på at Gud, vår Far, 
vil sende Sonen sin 


No tenner vi det tredje lys, 
det er eit heilagt tal. 
Vi ventar på at Kongen vår 
skal fødast i ein stall. 


No tenner vi det fjerde lys 
og natta vert til dag. 
Vi ventar på ein Frelsarmann 
for alle folkeslag. 

Tekst: Sigurd Muri frå Ørskog


Og som eit tips finn du denne og 
fleire andre Julesangar på:  tunkatten.no 

Så no er det berre å øve :-)


VI YNSKJER STORE OG SMÅ EI FIN ADVENTSTID!