Ein liten sniktitt innom Grå avdeling. Vi nyt våren og har fokus på vårteikn, insekt og småkryp. Stort engasjement på heile gruppa. Her har vi kappløp mellom småkryp. Sneglene var så trege, men Makkane var det litt meir fart i. Heia heia!!
NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE
* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling
Ein liten sniktitt innom Grå avdeling. Vi nyt våren og har fokus på vårteikn, insekt og småkryp. Stort engasjement på heile gruppa. Her har vi kappløp mellom småkryp. Sneglene var så trege, men Makkane var det litt meir fart i. Heia heia!!
Hipp hipp hurra for 17.mai!
Endeleg klarte vi å gjennomføre eit felles arrangement for heile barnehagen vår.
Onsdag 12.mai gjekk heile barnehagen kohortvis i tog med flagg, sang og musikk! Til lunsj fekk vi pølse med brød, og til fruktmåltidet fekk vi smake is! Kjekt med mini 17.mai.
Små glimt frå dagen vår:
God 17.mai frå små og store på
Tryggheim barnehage, Vatne!
Sidan Barnehagedagen 9.mars der temaet var "Små steg for kloden" og vi hadde fokus på kjeldesortering har barna på Grøn vore opptekne av alt bosset vi ser langs vegen. Måndag 10. mai var det turdag for Gruppe 2. Denne dagen utrusta vi oss med hanskar og kvar sin pose til å samle boss i, og gjekk på jakt. Vi skulle ikkje mange meterane utanfor porten før vi fann noko vi kunne plukke med oss.
Rammeplanen seier at gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen.
Gjennom å reflektere over det vi ser på
turane våre og lære barna å ta med seg søppel tilbake til barnehagen når vi har
med oss noko på tur, ønskjer vi å gje barna gode vanar. Det var ein ivrig gjeng
som var på tur i dag og fangsten var ganske stor på den vesle runda vi hadde.
På turen møtte vi og tre kaninar, som vi
måtte stoppe og mate litt. Løvetann og gras sette dei stor pris på. Det er og
viktig at vi tek vare på dyra vi møter på turane våre. Og dyr det er vi glade i. 😊
Vel tilbake i barnehagen måtte vi sjå kor
mykje boss vi hadde samla, før vi kasta det i bossdunken. Ein stolt gjeng som
viser fram fangsten sin. 😊
Dette må vi gjenta fleire gongar!!!
Av og til er det kjekt å boltre seg på nye område. Ein dag i slutten av april fekk vi lov å låne "neste hagen". Eller sjørøvar hamna som nokre kallar det.
Der er både sile, båt og ein lastebil.
Og i dag skal det heldigvis vere dugnad der nede.
Så då vert det nok både måla, fyllt på sand under sila og klipt vekk litt tistel m.m.
Takk til dei som reparerte både bil og båt på laurdag.
Og takk til dokke som stiller opp i dag.
😊
På Gul denne veka er hest tema, såklart kombinert med Noah's ark. Kvar dag får ei av gruppene ha samling der vi fortel om Noah's ark og eit utvalt dyr den veka.
Etterpå fortalte presten om Jesus som vaska føtene til disiplane sine, og om påskemåltidet han hadde saman med dei. Barna fekk vere med på eit høytidelig påskemåltid med raud saft og kjeks.
Etter måltidet, studerte vi altertavla som Tavle‐Jakob hadde laga. Vi såg fine figurar av Jesus og vennane hans. Då presten avslutta, ville barna gjerne høyre meir. Det var spennande å høyre om påskeevangeliet. Presten ønska dei velkomen tilbake ein annan gong. Vi avslutta med ein påskesang. Kjekt å få kome på besøk til kyrkja!
GOD PÅSKE FRÅ ALLE PÅ
TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE.