Sidan Barnehagedagen 9.mars der temaet var "Små steg for kloden" og vi hadde fokus på kjeldesortering har barna på Grøn vore opptekne av alt bosset vi ser langs vegen. Måndag 10. mai var det turdag for Gruppe 2. Denne dagen utrusta vi oss med hanskar og kvar sin pose til å samle boss i, og gjekk på jakt. Vi skulle ikkje mange meterane utanfor porten før vi fann noko vi kunne plukke med oss.
Rammeplanen seier at gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen.
Gjennom å reflektere over det vi ser på
turane våre og lære barna å ta med seg søppel tilbake til barnehagen når vi har
med oss noko på tur, ønskjer vi å gje barna gode vanar. Det var ein ivrig gjeng
som var på tur i dag og fangsten var ganske stor på den vesle runda vi hadde.
På turen møtte vi og tre kaninar, som vi
måtte stoppe og mate litt. Løvetann og gras sette dei stor pris på. Det er og
viktig at vi tek vare på dyra vi møter på turane våre. Og dyr det er vi glade i. 😊
Vel tilbake i barnehagen måtte vi sjå kor
mykje boss vi hadde samla, før vi kasta det i bossdunken. Ein stolt gjeng som
viser fram fangsten sin. 😊
Dette må vi gjenta fleire gongar!!!