NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 31. mai 2021

Det er no innsekt overalt ❤️

 


Det er så spennande no når våren har varma opp markane og sommaren står for tur. Det er så mykje som skjer i vår flotte natur, som gjer at vi kan følgje med på korleis årstidene endrar seg. Det er store kontrastar mellom kvitt underlag for ein knapp månad sidan, til grøne markar og blomstrar no. Blomstrar i gult, kvitt, lilla og rosa. Våren er eit vakkert syn!

Når Raud avdeling har baksida i barnehagen, og den store marka, er vi alltid på insektjakt

Det kryp biller i alle slags fargar, ja til og med grøne biller. Og maurane jobbar godt på med å frakte den eine barnåla etter den andre. Dei skal nok bygge tua sia enda større etter vinteren sine spor.  

Alle steinar må snuast og vendast på. Kven bur under her skal tru? Samtidig må vi legge tilbake steinen slik den var, for det er tross alt heimen til dei som bur under der.



Lille Petter Edderkopp har fått mange babyar, og sniglane er både brune, svarte og gule. Nokon har til og med eit hus på seg! Det flyg både marihøner, fluger og bier.



Opplevingar og erfaringar i naturen kan fremje forståing for eigenarten til naturen og barna sin vilje til å verne om naturressursane, bevare det biologiske mangfaldet og bidra til berekraftig utvikling. Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider (Rammeplanen for barnehagens innhald 2017).