NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

fredag 5. juni 2020

Utlysning Barnehagelærar



Tryggheim barnehage, Vatne søkjer etter

PEDAGOGISK LEIAR/ BARNEHAGELÆRAR
i 100% fast stilling frå 01.08.20


Visjon: «Sammen om å sette verdifulle spor»




Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Godkjend barnehagelæararutdanning
  • Barnehagen vert driven med eit kristent formål, og den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne verdigrunnlag, vedtekter, verdidokument og instruksar, og arbeide aktivt for å fremje målsetjinga og verdiane som barnehagen har
Du må:
  • vere ein aktiv og nærværande voksen både inne og ute som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ynskjer å formidle
  • ha god kommunikasjons- og formidlingsevne
  • vere relasjonsorientert med gode samarbeidsevner
  • ha evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling
  • ha svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (Udir sine krav)
Vi kan tilby:
  • Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Ein fin ny barnehage med variert uteareal, samt at barnehagen har eit nærmiljø som gir rikelege moglegheiter for turar
  • 5 ordinære avdelingar
  • Kjøkkenassistent i 100% stilling
  • Lønn etter PBL tariff
Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein byrjar.
Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM barnehagene AS  
Søknadsfrist snarast råd og innan 15.06.20.

Send søknad og CV til: 
NLM barnehagene AS avd Tryggheim barnehage, Vatne
Ulvestadvegen 4,
6265 VATNE
Eller til: tryggheim.vatne@nlmbhg.no

For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med styrar/dagleg leiar, 
Sigrid Høydalsvik Nevstad tlf.: 96948829
Info om barnehagen finn du på: http://tryggheimbarnehagevatne.blogspot.com/

lørdag 30. mai 2020

Når eit bitte lite frø del 2





"Alt det store her i verden har engang vært veldig smått. 
Ved Guds hemmelige under blir det til no stort og flott!"

GOD PINSEHELG! ☀️

fredag 29. mai 2020

Tur til Vatnevatnet

Torsdag 28.05.2020 og atter ein turdag for kohort 3 og 4 på Grøn avdeling. Det er ei spesiell tid me er inne i no og kanskje på veg ut av snart? 
Vi på kohort 3 og 4 synst i vert fall tida eigentleg har vore veldig fin, med så mange turdagar på kort tid og så mange fine turmål går tida nesten litt for fort. 
Vi er så heldige å få låne oss eit naust nede ved Vatnevatnet der me verkeleg får utfolde oss. 
Ein sandhaug, eit tau som  blir festa på tobeinte hestar, balansetau og mykje vatn. 



Heile Vatnevatnet ligg for våre føtter der nede, og med vatn, håvar og glade barn kan me ikkje be om meir. 
Der er det heilt fantastisk!
Bålpanna, gløymte vi å nemne bålpanna? Den som held oss varm og gjer det lett å lage noko god turmat.- I dag var det grilla ostesmørbrød  som sto på menyen og det var sååå godt.
Tusen takk, fine naust og natur for at de er akkurat som de er. Me kosar oss. 
Helsing små og store på Grøn avdeling. 

tirsdag 26. mai 2020

Raud på fjøretur

Mandag var Raud avdeling kohort 1+2 på tur til fjøra.
Dagen begynte litt grå og tåkete, men det gjekk ikkje lenge før sola kom fram.
Vi tok med oss ein plastboks til å samle krabber, skjell, tang og tare i. Nesten som eit akvarium.
Vi leita spent på å finne ein krabbe Krølle. Løfta på stein og tare, og fann både store og små krabber og ikkje minst tanglopper.
Når vi var ferdige i fjøra fikk alle krabber sleppe fri i sjøen.

mandag 25. mai 2020

Sol og løvetannsaktivitet



Flotte kjoler blei laga av kohort 1 på Grå. Det er så herleg når sola skin og ein kan finne på aktivitetar ute. 😊

Kjekt å sjå kva som skjer med løvetann om vi legg stilken i vatn. Snurr her og snurr der.

Lavvo tur


Sist veke var vi på tur til lavvoen. Vi gjekk ein rundtur og fekk flott utsikt over Vatnebygda. 
Fole stas med alt vatnet som var i bekkane. Der var til og med ein foss! 
 
Vi møtte på eit stort tre som hadde velta over stien slik alle måtte krype under. Spennende! 
Grøn avdeling kosar seg alltid på tur!

onsdag 20. mai 2020

Eit lite livsteikn frå Raud!



Idag tirsdag (19.mai) har Raud avdeling (Kohort 1+2) vore på tur til Gurineset! I det siste er dette berre ein av mange fine turar vi har hatt, men vi må få sei at turane med opplett vær er dei finaste vi har, vi gleder oss til skikkelig sommervær, sjølv om vi alltid vil kunne mimre tilbake til då vi laga snøhest i mai... 


 
Vi hadde samling i Gurineset om "det bortkomne lammet" etterfulgt av aktiviteter der vi telte sauer, sorterte sauer etter farga, dei fekk kvart sitt hus i fargane raud, blå, grøn og gul. Barna engasjerte seg, men det var nok sangen "Du er du og du duger, og at lammet gøymte seg for gjeteren eller Jesus som barna kalla han som satte mest spor. Vi gleder oss til å jobbe videre med dette. 


Vi fyrte i bålpanna for å steike ostesmørbrød og rydda rundt oss i Gurineset, det trengtes, der var mykje rot. Gurineset er eit slikt fint turmål og vi er glade for at vi kan vere der, beina klarer å gå sjølv og det er mykje å finne på der; fiske hai, kaste stein på vatnet, utforske og klatre i skogen..  Det er idyllisk! 

Når vi kom tilbake var det godt å slappe med litt Peppa Gris. Og det var så fint å høyre at eit av barna sa idag: "Eg liker dykk alle eg vennane mine".