2017 gjengen på Raud avdeling bestemte seg for å ha eit mål om å nå toppen ved Ulstadvatnet. Men først måtte vi gå mange oppoverbakkar.
NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE
* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling
I høve temaet Havet var 2017 gjengen på Raud avdeling på fjøretur for å utforske kva vi kunne finne der. Vi tok med bøtter i tilfelle vi fann noko vi kunne bruke i akvariet vårt.
Kjekt var det i fjøra, og gleda er stor med tanke på neste tur!
Det er så spennande no når våren har varma opp markane og sommaren står for tur. Det er så mykje som skjer i vår flotte natur, som gjer at vi kan følgje med på korleis årstidene endrar seg. Det er store kontrastar mellom kvitt underlag for ein knapp månad sidan, til grøne markar og blomstrar no. Blomstrar i gult, kvitt, lilla og rosa. Våren er eit vakkert syn!
Når Raud avdeling har baksida i barnehagen, og den store marka, er vi alltid på insektjakt.
Det kryp biller i alle slags fargar, ja til og med grøne biller. Og maurane jobbar godt på med å frakte den eine barnåla etter den andre. Dei skal nok bygge tua sia enda større etter vinteren sine spor.
Alle steinar må snuast og vendast på. Kven bur under
her skal tru? Samtidig må vi legge tilbake steinen slik den var, for det er
tross alt heimen til dei som bur under der.
Lille Petter Edderkopp har fått mange babyar, og
sniglane er både brune, svarte og gule. Nokon har til og med eit hus på seg! Det
flyg både marihøner, fluger og bier.
Opplevingar og erfaringar i naturen kan fremje
forståing for eigenarten til naturen og barna sin vilje til å verne om naturressursane,
bevare det biologiske mangfaldet og bidra til berekraftig utvikling. Barnehagen
skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som
fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider
(Rammeplanen for barnehagens innhald 2017).
Ein liten sniktitt innom Grå avdeling. Vi nyt våren og har fokus på vårteikn, insekt og småkryp. Stort engasjement på heile gruppa. Her har vi kappløp mellom småkryp. Sneglene var så trege, men Makkane var det litt meir fart i. Heia heia!!
Hipp hipp hurra for 17.mai!
Endeleg klarte vi å gjennomføre eit felles arrangement for heile barnehagen vår.
Onsdag 12.mai gjekk heile barnehagen kohortvis i tog med flagg, sang og musikk! Til lunsj fekk vi pølse med brød, og til fruktmåltidet fekk vi smake is! Kjekt med mini 17.mai.
Små glimt frå dagen vår:
God 17.mai frå små og store på
Tryggheim barnehage, Vatne!

Sidan Barnehagedagen 9.mars der temaet var "Små steg for kloden" og vi hadde fokus på kjeldesortering har barna på Grøn vore opptekne av alt bosset vi ser langs vegen. Måndag 10. mai var det turdag for Gruppe 2. Denne dagen utrusta vi oss med hanskar og kvar sin pose til å samle boss i, og gjekk på jakt. Vi skulle ikkje mange meterane utanfor porten før vi fann noko vi kunne plukke med oss.

Rammeplanen seier at gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen.
Gjennom å reflektere over det vi ser på
turane våre og lære barna å ta med seg søppel tilbake til barnehagen når vi har
med oss noko på tur, ønskjer vi å gje barna gode vanar. Det var ein ivrig gjeng
som var på tur i dag og fangsten var ganske stor på den vesle runda vi hadde.
På turen møtte vi og tre kaninar, som vi
måtte stoppe og mate litt. Løvetann og gras sette dei stor pris på. Det er og
viktig at vi tek vare på dyra vi møter på turane våre. Og dyr det er vi glade i. 😊
Vel tilbake i barnehagen måtte vi sjå kor
mykje boss vi hadde samla, før vi kasta det i bossdunken. Ein stolt gjeng som
viser fram fangsten sin. 😊
Dette må vi gjenta fleire gongar!!!
Av og til er det kjekt å boltre seg på nye område. Ein dag i slutten av april fekk vi lov å låne "neste hagen". Eller sjørøvar hamna som nokre kallar det.
Der er både sile, båt og ein lastebil.
Og i dag skal det heldigvis vere dugnad der nede.
Så då vert det nok både måla, fyllt på sand under sila og klipt vekk litt tistel m.m.
Takk til dei som reparerte både bil og båt på laurdag.
Og takk til dokke som stiller opp i dag.
😊