NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 20. mai 2019

BESØK AV FINBECK


Vi fekk  besøk av Finbeck, hesten til Lucas og familien hans. 



Finbeck hadde bursdag og vart 35 år. Då måtte vi sjølvsagt synge 
bursdagssangen til han. Først på engelsk og så på norsk!! 

                          


Kjekt med besøk!

torsdag 16. mai 2019

17. mai blogg frå Gul og Blå


Endeleg var dagen komen og vi skulle ut å gå tog i barnehagen. Vi har på avdelingane snakka om å gå i tog og om å rope hipp, hipp, hurra å vifte med flagga som vi held i hendene våre.


Alle dei 5 avdelingane stilte opp og gjorde seg klar til å gå ned på Joker og opp igjen til barnehagen. Vi song «alle fugler» og «Ja vi elsker» og ropte hipp, hipp, hurra!



Når vi kom opp igjen til barnehagen var det klart for pølse i brød og IS. Dette smakte godt i dei små magane.
Takk for ein fin føremiddag og god 17.mai!

søndag 12. mai 2019

GRØN AVDELING PÅ GARDSBESØK I VATNEBYGDA 8. MAI 2019


Endeleg vart det litt vårstemning igjen! Onsdag gjekk heile gjengen frå Grøn avdeling på tur til Stall Nedrevold og fram til garden til Camilla Vatne. Langs vegen såg vi masse vårteikn; løvetann, kvitveis, engkarse og så leita vi etter rompetrollegg,- men det fann vi ikkje. Vi snakka også om frigjeringsdagen vår og det norske flagget.

På garden fekk vi sjå og helse på flotte hestar, eit lite føl med lange tynne bein som heitte Mira, ponniar, høner, haner, sauer og små søte lam. Sauene brekte veldig høgt når vi gjekk inn i fjøsen. Dei trudde nok at dei fekk mat med oss. Det var spennande å plukke egg i hønsehuset. To høner låg og ruga på egg. Skal tru om det kjem til å komme ut små kyllingar? Det vart mange inntrykk denne dagen, og barna synst det var spennande å studere alle dyra.


Vi er bra heldige som har eit så fantastisk nærmiljø!


Gjennom utforsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda. (Rpl:55)

 

 


 

 


fredag 10. mai 2019

SmåBlå på eigne bein





I dag, 10.mai gjekk vi SmåBlå på eigne bein på tur med turtauet vårt. Det var litt utfordrande å halde i tauet, men vi klarte det litt og då var det veldig gøy. 
Vi måtte øve oss til mini-17.mai! 



Vi tok ei pause nede på butikk. Der fekk vi smake maisstick, noko som smakar godt for små magar. Viktig med påfyll på lange turar 😊



På turen øvde vi oss på «En elefant kom marsjerende», «Jeg gikk en tur på stien», «Alle fugler små» og ein sjølvdikta tekst «Vi holder fast i tauet og går så fint på tur»!


onsdag 8. mai 2019

Gul på undretur til Gurineset


Vi på Gul avdeling tok oss ein tur til 
Gurineset for å sjå på innsekt og dyr.


Vi fant maur, makk og snigel som vi la på eit syltetøyglas med lokk. 
Det er kjekt å få studere og undre oss over desse småkrypa som kjem fram etterkvart som det vårast.
PS: vi slapp dei ut igjen i naturen før vi gjekk for dagen 😊

(jamfør Rammeplanen: 
Vi opplever og utforskar naturen)


Ein fin katt møtte oss i vegkanten.
Han måtte vi sjølvsagt helse på 💚

tirsdag 23. april 2019

1 års feiring



Fredag 26.april feirar vi at vi har 
vore 1år i den nye barnehagen vår.

På ettermiddagen er det fest for borna og foreldra.

Men frå kl.18.00 til 19.00 er det ope hus 
for alle som har lyst å besøke oss.

Det er veldig kjekt om akkurat 
DU har lyst til det!

VELKOMEN!

fredag 12. april 2019

Raud avdeling på eggejakt


                             


Fredag 12. april var det tid for ein liten fellestur på raud avdeling. Vi hadde fått brev frå påskeharen, som hadde laga til rebusløype til oss. Det var veldig spanande å finne alle postane og som premie hadde haren lagt ut eit egg som vi måtte finne. Eit påskeegg, med litt godteri i, det smakte kjempegodt. 😊



Vi fekk og helse på hønene til Johannes og Marit. 



Johannes slepte ut hønene, slik at vi fekk lov til å klappe dei. Det var stas 😊



Egga som vi fann, kokte vi når vi kom tilbake til barnehagen og fekk det på skiva vår til ettermiddagsmåltidet. Spanande å få førstehandserfaring med kor egg kjem i frå.