NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

søndag 12. mai 2019

GRØN AVDELING PÅ GARDSBESØK I VATNEBYGDA 8. MAI 2019


Endeleg vart det litt vårstemning igjen! Onsdag gjekk heile gjengen frå Grøn avdeling på tur til Stall Nedrevold og fram til garden til Camilla Vatne. Langs vegen såg vi masse vårteikn; løvetann, kvitveis, engkarse og så leita vi etter rompetrollegg,- men det fann vi ikkje. Vi snakka også om frigjeringsdagen vår og det norske flagget.

På garden fekk vi sjå og helse på flotte hestar, eit lite føl med lange tynne bein som heitte Mira, ponniar, høner, haner, sauer og små søte lam. Sauene brekte veldig høgt når vi gjekk inn i fjøsen. Dei trudde nok at dei fekk mat med oss. Det var spennande å plukke egg i hønsehuset. To høner låg og ruga på egg. Skal tru om det kjem til å komme ut små kyllingar? Det vart mange inntrykk denne dagen, og barna synst det var spennande å studere alle dyra.


Vi er bra heldige som har eit så fantastisk nærmiljø!


Gjennom utforsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda. (Rpl:55)