I dag, 10.mai gjekk vi SmåBlå på eigne bein på tur med turtauet vårt. Det
var litt utfordrande å halde i tauet, men vi klarte det litt og då var det veldig
gøy.
Vi måtte øve oss til mini-17.mai!
Vi tok ei pause nede på butikk. Der fekk vi smake maisstick, noko som smakar
godt for små magar. Viktig med påfyll på lange turar 😊
På turen øvde vi oss på «En elefant kom marsjerende», «Jeg gikk en tur
på stien», «Alle fugler små» og ein sjølvdikta tekst «Vi holder fast i tauet og
går så fint på tur»!