NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 15. februar 2018

KREATIVITET OG SKAPARGLEDE PÅ HAREGRUPPA


I dag etterlyste barna garasje til bilane som dei leika med.

Barnehagen skal gje barna høve til å finne sine eigne uttrykksformer, få fram kreativ tenking og finne skaparglede i det dei gjer. (Årspl.17/18)

Vi er godt i gang med garasjane og gler oss til å vise dei fram når vi er ferdig.






mandag 12. februar 2018

Ein heilt vanleg måndag!


I dag gjekk Skogmusene på tur. Alle ville opp til lavvoen! På vegen møtte vi Ekorna, kjekt! 

Vi måtte av stad for å sjå nybarnehagen, i dag var utelys på! Vi såg vindu der vi Biene skal vere. Åh kor vi gler oss!

                          

På Ulstad var det jobbing. Ein mann var oppe i ei korg og ein annen var oppe i ein stolpe. Spennande!!


Når vi gjekk vidare, såg vi plutselig ein fugl ute i grøfta, den var død. Kva hadde skjedd?? Det var ein dompapp, stakkar.



Dette var litt av det vi opplevde på turen vår opp til lavvoen!!

onsdag 7. februar 2018

BEDEHUSBARNEHAGEN MARKERER SAMEFOLKET SIN NASJONALDAG

Samefolket sin nasjonaldag (Sámi álbmotbeaivi), som var 6.februar vart markert på Bedehusbarnehagen i dag. På morgonmøtet snakka vi om og såg bileter av ein same, kofte, korleis dei bur, lavvo, lasso, reinsdyr, og vi høyrde på samisk joik.   
Etterpå gjekk vi ut og hadde aktivitetar. Det var tent opp i bålpanna. 




Vi kasta med lasso på reinsdyrhorn. 


Etterpå fekk vi servert god Bidus.




I dag snøa det og vi avslutta ein fin dag med å lage snømann med fargane i det samiske flagget; grønt, raudt, gult og blått!



«Barnehagen skal bidra til at barna blir kjent med andre sin kultur, og til at barna kan utvikle respekt og fellesskapskjensle» 
(Rammeplanen for barnehagen 2017)


Oppskrift på Bidus (4 personar)
500 g kjøt (bog)
1,5 l vatn
1 ½ ts salt
1 ss kveitemjøl
2 gulerøter
3-4 poteter

Bruning: 1 ss margarin og 4 ss kveitemjøl

Safari

Den eldste gruppa på Ekorna har i dag hatt safari i Tanzania. Det var superspennande!
Vi høyrte på jungellydar frå telefonen medan vi lista oss inn på det mørke rommet. Der måtte vi sjå om vi fant små lys.
"DER ER EIT LYS" ropte dei og sprang bort til det vesle el-lyset. Der låg det eit lite dukketeppe. Dei løfta forsiktig på det. "EIN ELEFANT!" utbraut dei. 
Vi snakka om elefanten. Størrelse, farge, lydar og avslutta med ein sang om elefanten. (en elefant kom marsjerende).




Så måtte vi gå videre for å finne enda fleire lys. Vi måtte krype gjennom ein jungeltunnel for å finne neste lys. Der bodde det ei løve i ei hole. 
Alle hadde noko dei ville fortelle om løva. Og så sang vi "en tiger er for diger".
Neste stopp var under bordet. Der bodde det to giraffer under eit lite teppe. 
Barna fikk hint om kva dyr som var der. Og jammen klarte dei å tippe rett.
Siste stopp var apekatten. Den var litt vanskelig å finne. For han hadde gjøymd seg høgt oppe i eit tre(hylla). Men dei fant han til slutt. Og han sa han hadde ein overraskelse til barna.
Han sa at dei måtte leite etter eit lite lys på kjøkkenet.
Lyset på kjøkkenet var ved sidan av ei skål med mais. Barna vart veldig engasjerte og ville smake med ein gang.

Så satt dei der da. Rundt bordet, åt mais og høyrte på jungellydar, fortalte om kva dei hadde opplevd på safarien, og var så fornøgde.
Takk for ein fin safaritur!

onsdag 31. januar 2018

Solfest på Brakkebyen

Tysdag 30.januar hadde Nøtteliten og Ekorna felles solfest. 
Ekorna baka bolla med og utan vaniljekrem. 



Barna blei delt i grupper på tvers av avdelingane og hadde ulike formingsaktivitetar. 
Vi fordelte oss på romma på begge avdelingane og jobba i smågrupper. 



Etterpå leika vi saman på den avdelinga vi hadde hatt formingsaktivitet. Nokre på Nøtteliten og nokre på Ekorna. Kjekt å få leike i lag. Festen blei avslutta med felles song og måltid på Ekornavdelinga. Vi synst at det hjalp å synge om sola, for trur du ikkje vi såg henne litt seinare på dagen når vi var ute 😊




Vi hadde ein kjempekjekk dag i lag med god mat, song og mykje kreativitet.



Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra  til at barna bruker fantasi, kreativ tenking og skaparglede.

mandag 29. januar 2018

Det nærmar seg ....


No er ytterdørene kome på plass.
Her ser vi inngangen som vender mot naboen vår


I tillegg til eit stort felleskjøkken får 
kvar av dei fem avdelingane seg eit lite kjøkken.


Litt arbeid står nok igjen. Her er vi i -rommet vårt.
Det vert foldedører inn til tre av avdelingane.
I tillegg har vi dører direkte ut til uteområdet 
for å kunne ha uteservering. 


Det vert eit flott ventilasjonsanlegg på bygget vårt. 
Her er kraftige rør som skal gi oss god inneluft.
.........................

Spennande tider! 
Dette vi gler vi oss til! ☺

søndag 28. januar 2018

Besøk av Hege frå NLM ung


Veldig kjekt å få besøk av Hege frå NLM ung! Ho fortalde oss historia om Jesus som 12-åring i tempelet, lærte oss nye songar, minnte om på kor viktig det var å dele med kvarandre, ho kunne å trylle og vi tulla, tøysa og dansa! Revane og Harane kosa seg!


Takk for besøket og velkomen igjen!