Samefolket sin nasjonaldag (Sámi álbmotbeaivi), som var 6.februar vart
markert på Bedehusbarnehagen i dag. På morgonmøtet snakka vi om og såg bileter
av ein same, kofte, korleis dei bur, lavvo, lasso, reinsdyr, og vi høyrde på samisk
joik.
Etterpå gjekk vi ut og hadde
aktivitetar. Det var tent opp i bålpanna.
Vi kasta med lasso på reinsdyrhorn.
Etterpå fekk vi servert god Bidus.
I dag snøa det og vi avslutta ein fin dag med å lage
snømann med fargane i det samiske flagget; grønt, raudt, gult og blått!
«Barnehagen skal bidra til at barna blir kjent med
andre sin kultur, og til at barna kan utvikle respekt og fellesskapskjensle»
(Rammeplanen for barnehagen 2017)
Oppskrift
på Bidus (4 personar)
500 g kjøt (bog)
1,5 l vatn
1 ½ ts salt
1 ss kveitemjøl
2 gulerøter
3-4 poteter
Bruning: 1 ss margarin og 4 ss kveitemjøl