Edderkoppane på Grå avdeling har ei periode hatt om Den bortkomne sonen (Luk. 15, 11-32) i kristen samling. Der faren gir han mykje pengar, sonen flyttar og sløsar vekk alle pengane sine. Han ender til slutt opp på ein grisefarm. Der er det ikkje plass til han anna enn inne i grisebingen. Han må bu saman med grisane og et grisemat. Han er redd for å gå heim og fortelje faren at han har brukt opp pengane. Men går til slutt heim og ber faren om å tilgi han. Faren er overlykkelig over å sjå han att. Han tilgir sonen sin og lagar stor fest.
Edderkoppane synes det er ei veldig spanande historie, der vi har fokus på det å seie unnskyld og gi tilgiving.Det mest spanande er då han bur med grisane, blir gjørmete og et grisemat. Difor har vi hatt ekstra fokus på gris også. 😊