Barna frå
Grå avdeling er glade i å gå på tur. Sist gong dei var på tur vart dei heilt
sjokkert over alt søppelet som låg langs vegen, at det går an å berre hive frå
seg! Det er bra dumt at folk kan gjere noko slikt, det er ikkje fint gjort. Så dei hadde bestemt seg for at neste gong dei skulle på tur skulle dei plukke
søppel langs vegen.
Onsdag 25.sept var vi klar for tur igjen. Alle
hadde ein hanske og ein pose og plukka i veg, det var utruleg kva vi fann berre
rett utanfor gjerdet til barnehagen.
Tenk om det
hadde kome eit dyr og trudd at det var mat og så var det søppel, dei kunne bli
sjuke og dø!
Vi må slutte
å kaste søppel og huske å bruke søppelbøttene som heng på f.eks. lyktestolpane
eller ta det med oss heim og kaste det der.
Når vi kom
heim til barnehagen tømte vi alt søppelet vårt i restavfallsdunkane til
barnehagen og plastposane og hanskane kom i plastavfallet.
Tenk om vi
menneske kunne slutte å kaste søppel i naturen.
Når vi kastar søppel i naturen er vi stygg mot dyr, fugla og fiskane i havet,
som trur at søppelet er mat. Vi må vere snill med naturen, det er konklusjonen
til denne flinke ryddegjengen frå Grå avdeling på Tryggheim barnehage, Vatne.
Rpl: «Opplevingar og erfaringar i
naturen kan fremje forståing for eigenarten til naturen og barna sin vilje til
å verne om naturressursane, bevare det biologiske mangfaldet og bidra til
berekraftig utvikling».