Gul avdeling blir meir og meir glade i å vere ute og nyte naturen og det den byr på no når det er lettare klede og småsko tilgjengeleg. Vi har lenge ønska oss ein langtur der vi kan søve på tur, så gleda var stor då Sigrid endelig fekk tak i hengekøyer til oss. Ein liten prøvetur til Gurinesen måtte til, så vi trossa regnet og kledde oss for søvetur under open himmel.
I følgje
rammeplanen skal barnehagen skal legge til rette for at borna kan få eit
mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som ein arena for leik og
læring. Vi skal gi borna gode opplevingar med friluftsliv året rundt, så
hengekøyene skal nok bli flittig brukt framover.
Framme i Gurinesen var
utfordringane store i ulendt terreng og støvlar på fleirtalet. Kjempe trening
for motorikken, og det våte graset gav oss mykje undring. Små trasig å snuble,
men vi har blitt så flinke til å prøve å kome oss opp igjen, sjølv med stønning
og tunge tak.
Etter leik og mat var det tid for ein kvil, nokre i hengekøyer,
og nokre på madrassar og i vognposar på golvet i grindløa. Her søv vi godt alle
saman.
Etter kvart som vi vakna gjekk vi tilbake til barnehagen, og siste pulje
rakk akkurat fruktmåltidet klokka 1400. Slitne og fornøgde med tur leika vi oss
i barnehagen resten av dagen.
Silje,
Laila, Gro-Anita og Henriette takkar for ein kjekk tur med favorittane våre!