Dei yngste øver seg no på å gå på tur med turtau. Vi øver på å halde fast, gå i
samla flokk, vente på kvarandre og ta hensyn til kvarandre. Og dei har blitt
kjempeflinke!
Nede ved nausta skein sola og vi klatra og leika i og rundt det flotte klatretreet der. Det er viktig at borna får utfordre seg motorisk og utfolde seg i ulendt terreng. Noko dei fikk i dag.
Nede ved nausta skein sola og vi klatra og leika i og rundt det flotte klatretreet der. Det er viktig at borna får utfordre seg motorisk og utfolde seg i ulendt terreng. Noko dei fikk i dag.
Vi gynga på greinene, klatra, sprang
og krabba rundt i sola. Vi fann også ein perfekt stolpe som vi balanserte på.
Vanskeleg var det, men så kjekt! Nokre ville gjerne prøve fleire gonger.
Vanskeleg var det, men så kjekt! Nokre ville gjerne prøve fleire gonger.
På vegen opp att såg vi på dei mange båtane i småbåthavna. Ein blid og fornøgd
gjeng tusla seg opp att i barnehagen for å fortelje om det spanande eventyret
vi hadde vore på!
Ein frisk og kjekk turdag på Ekorna!