NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

mandag 22. januar 2018

Knøttene (Nøtteliten) på tur til Gurineset

I dag gjekk turen ned til Gapahuken ved Gurineset. Vi trilla opp dit, men så var det tid for at Knøttene skulle få bruke kroppen sin. Eit av måla for denne perioden er at barna skal få oppleve naturen gjennom alle årstider. No er det kaldt, og snøen er frosen, slik at dei fekk erfaringar med å gå på glatt underlag. Her ved gapahuken var det nokre bare flekkar med gras, så nokre plassar var det lettare å gå. Dette er kjempegod trening for sansane, og vi får nytte nesten alle sansane våre på denne turen. Spesielt Balansesansen fekk prøvd seg mykje. 


Det var mange ulike spor å sjå i snøen, både frå dyr og menneske. Men for dei fleste var det utfordrande nok å halde seg på beina, på det varierande underlaget. Og då er det trygt og godt å ha ei hand å halde i, og nokon som kan hjelpe ein opp når ein ikkje greier å halde balansen. 😊 Ein kjekk gjeng å ha med på tur som held humøret oppe, til tross for nokre fall. Det er kjekt å sjå kor mykje dei har utvikla seg sidan barnehagestart i haust. Og vi gler oss til mange fleire turar framover. 



Rammeplanen seier at gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna  opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt.