Tysdag 30.januar hadde Nøtteliten og Ekorna
felles solfest.
Ekorna baka bolla med og utan vaniljekrem.
Barna blei delt i
grupper på tvers av avdelingane og hadde ulike formingsaktivitetar.
Vi fordelte
oss på romma på begge avdelingane og jobba i smågrupper.
Etterpå leika vi saman
på den avdelinga vi hadde hatt formingsaktivitet. Nokre på Nøtteliten og nokre
på Ekorna. Kjekt å få leike i lag. Festen blei avslutta med felles song og
måltid på Ekornavdelinga. Vi synst at det hjalp å synge om sola, for trur du
ikkje vi såg henne litt seinare på dagen når vi var ute 😊
Vi hadde ein kjempekjekk dag i lag med god
mat, song og mykje kreativitet.
Gjennom arbeid med kunst, kultur og
kreativitet skal barnehagen bidra til at
barna bruker fantasi, kreativ tenking og skaparglede.