NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

torsdag 21. desember 2017

Juletreet på Brenthaugen fekk besøk

I dag har heile Bedehusbarnehagen gått på tur til juletreet på Brenthaugen. Vi pakka godt på oss, tok med mat og drikke. 
Marion passa på trafikken mens alle saman gjekk over vegen. 
Vi var mange som skulle over.

Det var nokre stader der vi måtte vere motor for det var bratt. 
Randi drog godt oppover. 

Vi nærma oss juletreet no. 
Vi var heldigvis ikkje så sliten enda. 

No såg vi juletreet, men det var ikkje sånn juletre vi hadde forestilt oss. Der var ein stolpe og ikkje eit tre. 

Mat og drikke må kroppane ha etter ein flott tur opp. 

Vi song og gjekk rundt juletreet. 

Så kjekt at vi år også klarte å gjennomføre denne førjulstradisjonen.