I prosjektet med Skogmusene har vi blitt kjent med boka Jakob og Neikob. Jakob sier alltid JA og Neikob sier alltid NEI. Boka er bygd opp av motsetningar og geometriske former.
Høgtlesing gir ein unik sjanse til å skape interesse og gode samtalar rundt matematisk utforsking .
Vi har teke for oss dei ulike geometriske formene: kvadrat, sirkel og trekant. Her har vi sett på kva som er likt og ulikt ved dei ulike formene og kva som skal til for å kalle dei namnet sitt.
Vi avslutta med ein koseleg matematikkverkstad der vi brukte alle formene til å sette saman tekst og bilde til eit julekort. Her kunne barna velge mellom Josef, Maria og Jesusbarnet eller Nissen med ynskjeliste bakpå om dei ville det.
Det var et veldig kjekt prosjekt for store og små!
(tekst og bilete ved student Marte Bjørge)