På torsdag hadde Klatremus bursdagsfeiring, og i den
anledning overraska vi gruppa med plastalin i alle moglege fargar. Barna skreik
ut i glede og var veldig ivrige for å sette i gang.
Saman med plastalinen følgde det med både ulike
mønster, dyr, kniv, presse og kjevle som alle delte på. Dei sendte det vidare
slik at alle fekk prøve alt.
Sommarfuglar var det dei fleste ville lage, så mange
fargerike sommarfuglar vart det.
..........................
"Gjennom arbeid med kunst, kultur og kreativitet skal barnehagen bidra til at barna har tilgang til ting, rom og materiale som støttar opp om dei leikande og estetiske uttrykksformene."
-Rammeplanen 2017-