I dag trilla vi
på tur opp til Gurineset. Her såg vi på blada som vi fann på bakken. Vi var
godt kledde og det var litt vanskeleg for mange av oss å gå så mykje på den
ujamne bakken, så vi tok med oss blada inn i gapahuken i dag.
Vi bruker mange
av sansane våre når vi studerer blada.
Vi deler gjerne
med kvarandre.
«Sjå kva eg fann,
vil du låne dette bladet?» 😊
.....
Medan vi var i
gapahuken så høyrde vi plutseleg mange nye stemmer, kven kunne det vere?
Det
var Revane som var på tur. Dei syntest det var kjekt å treffe oss på tur. Og vi
syntest og det var spanande å møte dei store barna. 😊 Artig å bli litt kjende med dei som er på
Bedehusbarnehagen og.
På veg tilbake
til barnehagen trefte vi på Skogmusene på tur. Det var kjekt å sjå kor flinke
dei var til å gå med tau. Så flinke skal nok vi Knøttene også bli, når vi blir
litt større 😊
Kjekt å vere på tur!