Sommaren er over og hausten
har kome for fullt. På Bedehus-barnehagen har ei ny barnegruppe funne vegen,
og mange nye opplevingar og erfaringar skjer kvar dag.
Avdelinga Bikuba har 21 born
som dei siste vekene har blitt kjende med både kvarandre og barnehageplassen. Det
har vore spennande å utforske avdelinga inne og leikeplassen ute.
Forgje veke fekk vi ny sand i
sandkassa til stor glede for både store og små. Den er i full bruk av borna, og
det er så mykje kjekt ein kan lage av den - ja både traktorvegar, sandslott,
elver, borg og kaker.