I dag skulle vi sjå
om vi fann blad med haustfargar på. Det bles mykje og blada kom dalande ned på oss!! «Se bladene de faller ned, nå er det høsten
skal du se» sang vi. Vi fann gule,
brune, oransje og raude. Det var store blad og små blad.
Men så høyrde vi lyden av ei gravemaskin. Det
måtte vi sjekke.. Den heldt på å grave attmed Oljeklefabrikken. Skal dei
bygge?? Kvifor grev dei?? Det er mykje vi lurer på!!
Vi såg til og med to
stooore raude epler på eple-
treet til
barnehagen. Å, dei skulle vi gjerne nådd
tak i!! Men neste år
…
Vi gjekk rundt
Solbakken, då såg vi skrukkete solbær på ei busk. Der var
også nokre kjempefine raude bær, dei visste
ingen kva det var. Kanskje dei var giftige??
Når vi kom på vegen
gjekk vi veldig fint på ei lang rekke, når det kom
bil gjekk vi heilt ut på kanten og stod still. Kjempeflinke!!
Vi kom fram til
lavvoen, spennande! Det var ikkje alle som hadde vore der før, stort telt med
omn, golv og benker.. Vi fann nøtter, kongler, gaukesyre, mange forskjellege blad.
Der var til og med musehol, der det budde to søte små mus. Og plutseleg var der
jegerar, dei var litt usikre på om det var bjørn eller hjort dei jakta på! Vi rulla, hoppa, sprang, klatra på steinar,
låg på mjuke mosesenger, gynga på greiner og gjekk i dei bratte bakkane.
Det var så vidt vi
hadde tid å ete maten vår inne i lavvoen. Der måtte vi synge «Lille Petter
Edderkopp» først. Vi såg han kom i ein lang tråd ned frå taket.
Når vi gjekk heimatt
gjekk vi ein annan veg, forbi eit raudt hus, eit oransje stabbur, og ei grå
løe. Det var ein gamal gard som heitte Bakken.
Alt vi såg!! Her ser vi sauer på
andre sida av fjorden og vi måtte følgje med ein raud traktor, som hadde ein
kjempestor hengar med mange høyballar.