NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 27. oktober 2021

VI SØKJER TILKALLINGSVIKARAR

Er dette noko for deg? 😊

Vi treng fleire tilkallingsvikarar pga. personal som tek utdanning og ulike permisjonar. 

Og for at kvardagen skal verte god for alle ved sjukdom i personalgruppa.

Har DU ein fleksibel kvardag og kan stille på kort varsel?

Trivst du saman med barn?

Likar du å vere ute?


Vi ynskjer at barna, foreldra og dei tilsette som høyrer til barnehagen vår skal bli møtt med omsorg.

Visjonen vår: "Sammen om å sette verdifulle spor"

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

· Vi søkjer ansvarsmedvitne, aktive og engasjerte tilkallingsvikarar som har lyst å arbeide med barn

· Barnehagen vert driven med eit kristent formål, og den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne verdigrunnlag, vedtekter, verdidokument og instruksar, og arbeide aktivt for å fremje målsetjinga og verdiane som barnehagen har

Du må:

· vere ein nærværande voksen både inne og ute som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ynskjer å formidle

· ha gode samarbeidsevner

· ha evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling

· ha svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (Udir sine krav)

Vi kan tilby:

· Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø

· Ein fin barnehage med variert uteareal, samt at barnehagen har eit nærmiljø som gir rikelege moglegheiter for turar

· 5 ordinære avdelingar

· Kjøkkenassistent

· Lønn etter PBL tariff

Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein byrjar. (barnehageloven § 19 første ledd)

Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM barnehagene AS

Søknadsfrist snarast råd og innan 15.11.21.

Oppstart etter avtale.

Send søknad og CV til:

tryggheim.vatne@nlmbhg.no

For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med styrar/dagleg leiar,

Sigrid Høydalsvik Nevstad tlf.: 96948829

Info om barnehagen finn du på: http://tryggheimbarnehagevatne.blogspot.com

Førstehjelpskurs

 


Annan kvart år har personalet Førstehjelpskurs. Denne gongen var det Brattvåg og Ålesund Røde Kors som hadde kurset for oss. Vi delte oss i to, den eine gruppa hadde om livredning og den andre om sårbehandling. Halvvegs bytta vi for at alle skulle få lære alt.

Sjølv om vi har hatt opp til fleire kurs er det viktig å terpe det opp igjen og opp igjen.  

fredag 24. september 2021

LARVANE PÅ TUR TIL SKULEN SIN GAPAHUK PÅ JAKT ETTER HAUSTTEIKN 21.09

Denne dagen ville vi opp til gapahuken for å leike i den magiske skogen. Der oppe såg vi at trea har begynt å miste nokre av blada sine og ein god del av blada hadde endra farge. Vi fann mange nøtter på bakken og sopp fann vi både på bakken og på eit tre. I skogen nedom Gapahuken er der ein magisk stein og ei fin hytte ein kan krype inn i. Kjempekjekt å leike her!! Det er og mykje god trening for balanse og uthald på ein slik tur. Vi får nytta både hørsel- lukt- og taktilsansen vår i møte med skogen. Og vi må ta omsyn til kvarandre. 😊





Det var spanande å sjå dei rare soppane som vaks på bakken og på treet.

På bakken fann vi i tillegg til nøtter og sopp også mange fine blad, pinnar og steinar. 






Vi fann ei spanande hytte nedom den magiske steinen.


Takk for ein fin tur. 

torsdag 24. juni 2021

Ein sprekere gjeng skal du leite lenge etter! ❤️

 


2017 gjengen på Raud avdeling bestemte seg for å ha eit mål om å nå toppen ved Ulstadvatnet. Men først måtte vi gå mange oppoverbakkar.
 

Godt å ha ein god venn som hjelper å pushe kvarandre opp alle desse tunge bakkene. Første mål var vassverket, det klarte vi med glans og som premie fikk vi kjeks før det var påan igjen med fleire tunge bakkar. 

Neste mål var postkassa. Vi ropte jippi når vi såg postkassa, her måtte vi skrive namnet vårt i boka. Stas! Litt påfyll med mat og drikke så var vi klare til å nå det store målet, sjølvaste Ulstadvatnet. 



Vi gikk og vi gikk, plutselig så var vi med Ulstadvatnet og her fekk barna eit kjeks som premie. Så gjekk vi ned att til barnehagen og kosa oss inne. 

Ein fin tur og ein fin dag! 

❤️

onsdag 2. juni 2021

Fjøretur ❤️

I høve temaet Havet var 2017 gjengen på Raud avdeling på fjøretur for å utforske kva vi kunne finne der. Vi tok med bøtter i tilfelle vi fann noko vi kunne bruke i akvariet vårt.



Vi snakka i forkant om kva vi forventa å finne. KRABBE! var det vi håpte mest å finne, men sjølv om vi leita godt mellom all tang og tare, så fann vi ingen krabbe. 



Skjell i alle mulige slags fasonger, tanglopper og steinar i ulike fargar var noko av det vi fann. 

Kjekt var det i fjøra, og gleda er stor med tanke på neste tur!  

mandag 31. mai 2021

Det er no innsekt overalt ❤️

 


Det er så spennande no når våren har varma opp markane og sommaren står for tur. Det er så mykje som skjer i vår flotte natur, som gjer at vi kan følgje med på korleis årstidene endrar seg. Det er store kontrastar mellom kvitt underlag for ein knapp månad sidan, til grøne markar og blomstrar no. Blomstrar i gult, kvitt, lilla og rosa. Våren er eit vakkert syn!

Når Raud avdeling har baksida i barnehagen, og den store marka, er vi alltid på insektjakt

Det kryp biller i alle slags fargar, ja til og med grøne biller. Og maurane jobbar godt på med å frakte den eine barnåla etter den andre. Dei skal nok bygge tua sia enda større etter vinteren sine spor.  

Alle steinar må snuast og vendast på. Kven bur under her skal tru? Samtidig må vi legge tilbake steinen slik den var, for det er tross alt heimen til dei som bur under der.



Lille Petter Edderkopp har fått mange babyar, og sniglane er både brune, svarte og gule. Nokon har til og med eit hus på seg! Det flyg både marihøner, fluger og bier.



Opplevingar og erfaringar i naturen kan fremje forståing for eigenarten til naturen og barna sin vilje til å verne om naturressursane, bevare det biologiske mangfaldet og bidra til berekraftig utvikling. Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider (Rammeplanen for barnehagens innhald 2017).


torsdag 20. mai 2021

Det store kappløpet 🖤

 



Ein liten sniktitt innom Grå avdeling. Vi nyt våren og har fokus på vårteikn, insekt og småkryp. Stort engasjement på heile gruppa. Her har vi kappløp mellom småkryp. Sneglene var så trege, men Makkane var det litt meir fart i. Heia heia!!