No tenner vi det andre lys,
dei står der stilt og skin.
Vi ventar på at Gud, vår Far
skal sende sonen sin.
Etter at vi
hadde tent to lys i adventsstaken vår, reiste vi til Betlehemsmarkane. Der
var gjetarane å passa på dyra sine om natta.
Plutseleg vart det heilt lyst og det kom ein engel
til dei og fortalde at det var fødd ein Frelser i Betlehem, dei skulle finne
eit barn i ein stall. Dei for dit og fann barnet hjå mora Maria, dei fall på
kne og hylla det.
Etterpå for dei tilbake til Betlehemsmarkane og
fortalde alle som ville høyre på kva dei hadde opplevd. Vi song: «Eg er så glad
kvar julekveld for då vart Jesus fødd..»
Vi på Grøn har to adventskalenderar. Den eine tel vi
ned til julaftan med å lime bomull på skjegget til nissen og i dag var det den 7. desember. Det er veldig
spennande kven sitt namn vi trekkjer.
Den
andre adventskalenderen vår på Grøn avdeling er at vi gir pengar til barn i
Indonesia, slik at dei kan få det litt betre. Som f.eks at dei skal sleppe å drikke
skite vatn! Alle har hatt med seg ei lita innepakka øskje og så er det kvar sin gong å få putte
pengane på bøssa.
Det er glade
barn på Grøn som gir pengar til barna i Indonesia!
Vi avslutta
med å synge «yndlingssangen» vår:
Engelen Gabriel kom fra himmelen,
kom til Maria i Nasaret.
Maria, Maria du skal bli mor,
et barn skal du bære
til Herrens ære.
Og
han skal forkynne Guds ord.