NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 2. september 2020

Raud blir kjend med uteområda i barnehagen

Den første tida etter oppstart av nytt barnehageår kallar vi ei «Bli kjend» periode. Vi skal verte kjende med nye born og vaksne, og kanskje ei ny avdeling.

På Raud har vi og blitt betre kjende med uteområda i barnehagen.

Vi har vore mykje ute og leika, og trivast godt på uteområda barnehagen har!

Det er godt å få bruke kroppen sin – og så kjekt når vi meistrar!

 

Vi grev mykje i sanden. Kanskje etter ein sjørøvar skatt?


Vi disser oss i vennedissa, både på framsida og på baksida av barnehagen.

Så kjekt å kunne sitje fleire vener saman, disse med stor fart, og rope «Hiv O Hoi!»

(Ja, vi er veldig oppteken av sjørøvarar for tida ..! )

På framsida er det store leikeapparat. Her får vi trena oss på koordinasjon og balanse.

Vi har vorte større og sterkare enn før sommaren – alt vi får til!

Det er kjekt det!

Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere rørslegleda og den motoriske utviklinga til borna (Rammeplan for barnehagen, 2017).

Gjennom leik og allsidige rørsleerfaringar med kroppen vår opplever vi trivsel, glede og meistring! 

 

Vi blir trygg på eigen kropp, får ei positiv oppfatning av oss sjølve og blir kjend med eigne kjensler (Rammeplan for barnehagen, 2017).