Torsdag 17.september i gryåtta starta dagen vår med Bjørnisprat rundt frukostbordet, etter det rulla ballen videre og brått var vi i gong med å lage brannbil! Lim, saks, pappkasse og farga papir blei til ein kjekk brannbil for store og små.
Litt lim her og der på golvet vil gi vaskedama litt ekstra jobb idag, men bilen vil nok holde litt saman før den trenge reservedeler etterkvart som dei små hendene utforskar den. For ein fin start på temaet!
Når ein har brannbil, må ein også ha brannslokningsapparat! Tre små brannslokningsapparat blei derfor fylt med raud og gul maling, og barna fekk riste laus og snu det på haudet. Spennande å sjå korleis målinga rann og fargane fordelte seg!
Ein brannbil må også ha ein jobb å gjerne, så då tok vi på oss kunstnerhattane og hadde ei estetisk oppleving i møte med lamineringsark, "fingermåling" i fargane gul og raud (det blir foresten oransje fann vi ut) og brått hadde vi og flammar! 😉😎
Hilsen oss kulegule💛