NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

onsdag 30. september 2020

Fjøretur


Sist veke let tøffingane frå Grøn avdeling seg blåse med vinden ned til fjøra for å finne "kokkelurer" (strandsneglar), albueskjell og leite etter krabbar.


Vi tok opp mange, mange steinar.. Men vi fann ingen krabbar.


Då kasta vi heller småsteinar i sjøen for å følge med på korleis bølgene laga ringar..


Då floa satte inn kunne vil fylgje godt med på kor fort sjøen steig opp mot stranda.


Medan vi åt maten vår på terassen ved nausta var det spennande å høyre om at det er månen som styrer flo og fjøre.


Det brenn, det brenn!

 

Fredag var det siste dag etter to veker med fokus på brannvern. Mange flotte samlingstunder, aktiviteter, leik og øving har det blitt.



Sjølv om det har regna i det siste oppstod det brann både i jungelen og i Torill gata!

Bra at barna på Raud avdeling har lært seg å slukke brann, for dei har stått på denne veka for å slukke unna.

 

Flotte brannkostabler som har kosa seg på "jobb" :) 

torsdag 24. september 2020

På leiting etter "kamelen" eller var det ein lama??

 


Etter at ein av oss hadde høyrt rykte om at det finst kamelar på Vatne drog dei store barna på Grøn avdeling på tur for å finne dei. Vi gjekk forbi både hestane, hønene, hanen, kattar og sauer.




Bonden i traktoren tipsa oss om den rette vegen slik at vi endeleg kunne bli kjent med THOR.



THOR er ein alpakka, dvs ein lama som passar på sauene og jagar vekk reven. Vi mata han med brød før også vi fekk ete lunsjen vår nede ved naustet til bonden.

onsdag 23. september 2020

Brannvernveke med dei minste!


Torsdag 17.september i gryåtta starta dagen vår med Bjørnisprat rundt frukostbordet, etter det rulla ballen videre og brått var vi i gong med å lage brannbil! Lim, saks, pappkasse og farga papir blei til ein kjekk brannbil for store og små. 
Litt lim her og der på golvet vil gi vaskedama litt ekstra jobb idag, men bilen vil nok holde litt saman før den trenge reservedeler etterkvart som dei små hendene utforskar den. For ein fin start på temaet!
Når ein har brannbil, må ein også ha brannslokningsapparat! Tre små brannslokningsapparat blei derfor fylt med raud og gul maling, og barna fekk riste laus og snu det på haudet. Spennande å sjå korleis målinga rann og fargane fordelte seg!

Ein brannbil må også ha ein jobb å gjerne, så då tok vi på oss kunstnerhattane og hadde ei estetisk oppleving i møte med lamineringsark, "fingermåling" i fargane gul og raud (det blir foresten oransje fann vi ut) og brått hadde vi og flammar! 😉😎 Hilsen oss kulegule💛

tirsdag 15. september 2020

Vil du arbeide på Tryggheim barnehage, Vatne?

VI SØKJER TILKALLINGSVIKARAR                   

Vi ynskjer at barna, foreldra og dei tilsette som kjem til barnehagen skal bli møtt med omsorg.

Visjonen vår: "Sammen om å sette verdifulle spor"

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

· Vi søkjer ansvarsmedvitne, aktive og engasjerte tilkallingsvikarar som har lyst å arbeide med barn

· Barnehagen vert driven med eit kristent formål, og den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne verdigrunnlag, vedtekter, verdidokument og instruksar, og arbeide aktivt for å fremje målsetjinga og verdiane som barnehagen har

Du må:

· vere ein nærværande voksen både inne og ute som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ynskjer å formidle

· ha gode samarbeidsevner

· ha evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling

· ha svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (Udir sine krav)

Vi kan tilby:

· Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø

· Ein fin barnehage med variert uteareal, samt at barnehagen har eit nærmiljø som gir rikelege moglegheiter for turar

· 5 ordinære avdelingar

· Kjøkkenassistent i 100% stilling

· Lønn etter PBL tariff

Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein byrjar

(barnehageloven § 19 første ledd)

Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM barnehagene AS

Søknadsfrist snarast råd og innan 25.09.20.

Oppstart etter avtale.

Send søknad og CV til:

tryggheim.vatne@nlmbhg.no

For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med styrar/dagleg leiar,

Sigrid Høydalsvik Nevstad tlf.: 96948829

Info om barnehagen finn du på: http://tryggheimbarnehagevatne.blogspot.com

mandag 14. september 2020

Samarbeid og venskap


Rognebær kan bli så mangt.

Spidermankake, prinsessekake, kattesuppe osv.. 
Kreativiteten kokar berre vi har litt vatn, sand og  rognebær. 
Samarbeid og venskap står i fokus hos barna. Dele, hjelpe, passe på.
Edderkoppane kosar seg på tur i dag. 

lørdag 12. september 2020

Raud avdeling på bladjakt

Fredag gjekk vi på tur ned til Gurineset for å sjå om vi fann blad. Hausten er i full frammarsj og då blir blada farga i så flotte fargar, og slepp seg ned til bakken. 

Vi hadde med oss bøtter til å samle dei i. Berre sjå kor mange vi fann, både store og små. 


Nokon var gul, andre grøn, og der var brun og litt raud. Nokre blad hadde fleire farger på seg. Vi øver litt på fargenamn så dette var midt i blinken.


HØSTSANG

Melodi: Lofottorsken.

 

Når bladene de faller ned

Da er det høsten skal du se.                      

Blader faller ned, blader faller ned, 

ja blader faller ned. 


På jakt etter haustteikn



Fredag gjekk Grøn avdeling på tur, på jakt etter haustteikn. Vi fann rognebær, frøa til Lønn som flaug som helikopter i lufta og gule blader som hadde ramla av trea. 

Vi rusla rundt Haugane, der vi fekk sjå oss sjølve i spegelen, spanande!


Turen endte opp ved bedehuset der vi åt nista vår og hadde mykje fin leik. Vi fann både makkar og snegler og det blei laga mykje god suppe. 😉 




fredag 11. september 2020

Når turen er målet!

Torsdag var alle dei små gule på vår første gåtur utanfor gjerdet.

Målet var å gå på eigne bein, uansett om det var 10 eller 50 meter vi gjekk! Enkelte sov seg gjennom heile turen, sååå lang var den!

Vi gjekk opp til Solbakken, naboen vår. Nærmiljøet kan vere spennande det også, treng ikkje alltid å gå så langt. Der var det både blomster, blad, sølepytta og ei spennande garasje med handtak! 




Ein vakker dag skal vi nok finne ut kva som lurer seg bak den kule garasjeporten, men fram til då må nok vi berre undre oss!



Etter den "lange" turen, kosa vi oss ute i sandkassa, riktig flinke barnehagebarn byrjar vi å bli. 💛👍🏻

søndag 6. september 2020

PLASK!!

                        

Etter fleire dagar med behov for solkrem, var det kjekt å endeleg få ha på støvlane igjen! Vi er heldig som har ein veldig populær søledam berre nokre meter frå døra vår på Blå avdeling. Det tok ikkje mange sekund før gjengen hoppa fornøgde i søla. Plaska blei overdøyvd av gledes kvin og jubelrop!

Det er kjekt å fylle bøtta med spade. 



-men enda kjekkare når bøtta kan tømmast ut!



Når vi puttar oppi den same bøtta, blir den fortare full. 



Kokken rører godt, og puttar oppi fleire hemmelege ingrediensar. Det er ikkje rart ein blir freista til å smake litt på. 


Favorittstillinga: på huk. 



Vi trampar, så vatnet sprutar!

Vi fann ei lita søle på asfalten også:



Den sprang vi så fort gjennom, at kameraet ikkje rakk å ta bilete ein gong! 


Om ein tømmer slik, kjem det mykje!



Om ein tømmer slik, varer det lengre før det blir tomt.



Vi på Blå avdeling ser fram til ein våt haust med mykje leiking i sølepyttane. 😊