Vidare gjekk
turen vår til Haugane. Opp ein bakke og rundt ein sving høyrer vi plutselig
«klukk..klukk..klukk», skal tru kva som er nede på marka der?
Snille
Johannes kom og inviterte oss ned til dei artige hønene sine. Dei er framleis
kyllingar og har berre budd med dei i knappe to veker. Litt sjenerte sprang dei
inn i huset sitt når nysgjerrige barnehender så gjerne ville helse på.
Johannes opna
døra til hønsehuset for oss, så spente og nysgjerrige små fekk sjå inn. Der inne hadde hønene det godt og varmt. Stor stas å kome hit på besøk! J
Henriette –
Gul avdeling