NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 18. august 2020

Førskulegruppa på tur til Gurineset

"Maurane" på GRÅ avdeling hadde sin første tur i lag i dag. Vi pakka sekkane våre med mat og drikke og satte kursen mot Gurineset. Bøtter og spadar hadde vi med også. To og to gjekk vi så fint på rekke nedover og bortover vegane som tek oss til Gurineset. 

Der nede blir området utforska på ny kvar gong vi er der, i dag utforska på ny av ein fin gjeng som no går på førskulegruppa. 



Blomar vart plukka og laga gryte av, ei kanin kom fram medan nokre av borna grov i sanden ved vannkanten, andre utfolda seg på eit større område og leika sisten. 

Andre satt og såg ut på den blikkstille sjøen medan fiskane spratt. 


Vi er heldige som har så fine turmål rundt barnehagen og ikkje minst når ein kan få nytte dei i slikt fantastisk vêr. Takk for ein fin førstetur. Vi gler oss til fortsettelsen. 

Helsing "Maurane", dei største på Grå avdeling.