I dag har halve gruppa på Gul avdeling vore på trilletur og utforska nærmiljøet.
Vi såg rundballar som skal verte mat til dyra til vinteren
og ei fin gul gravemaskin.
NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE
* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling
I dag har halve gruppa på Gul avdeling vore på trilletur og utforska nærmiljøet.
Vi såg rundballar som skal verte mat til dyra til vinteren
og ei fin gul gravemaskin.
"Maurane" på GRÅ avdeling hadde sin første tur i lag i dag. Vi pakka sekkane våre med mat og drikke og satte kursen mot Gurineset. Bøtter og spadar hadde vi med også. To og to gjekk vi så fint på rekke nedover og bortover vegane som tek oss til Gurineset.
Der nede blir området utforska på ny kvar gong vi er der, i dag utforska på ny av ein fin gjeng som no går på førskulegruppa.
Blomar vart plukka og laga gryte av, ei kanin kom fram medan nokre av borna grov i sanden ved vannkanten, andre utfolda seg på eit større område og leika sisten.
Andre satt og såg ut på den blikkstille sjøen medan fiskane spratt.
Vi er heldige som har så fine turmål rundt barnehagen og ikkje minst når ein kan få nytte dei i slikt fantastisk vêr. Takk for ein fin førstetur. Vi gler oss til fortsettelsen.
Helsing "Maurane", dei største på Grå avdeling.
Vidare gjekk
turen vår til Haugane. Opp ein bakke og rundt ein sving høyrer vi plutselig
«klukk..klukk..klukk», skal tru kva som er nede på marka der?
Snille
Johannes kom og inviterte oss ned til dei artige hønene sine. Dei er framleis
kyllingar og har berre budd med dei i knappe to veker. Litt sjenerte sprang dei
inn i huset sitt når nysgjerrige barnehender så gjerne ville helse på.
Johannes opna
døra til hønsehuset for oss, så spente og nysgjerrige små fekk sjå inn. Der inne hadde hønene det godt og varmt. Stor stas å kome hit på besøk! J
Henriette –
Gul avdeling