Barnehagedagen 2019 vert markert over heile landet 12.mars.
Barna lærer om verda rundt seg ved å være nysgjerrige, spørje og undre seg.
Det er difor viktig at leiken får stor plass i barnehagen. Personalet må legge til rette for skapande aktivitetar som gir rom for å utforske på mange ulike område.
Vi på Grå og Grøn avdeling hadde fire stasjonar med eksperiment inne som
vi fekk sjå og prøve.
Magisk teikning:
Teikne på eit fat og ha vatn på.
Kva skjer då? Hmm.. Forsvinn tusjen når oss har vatn på?
Teikninga løyste
seg frå fatet og dansa.
Spennande å sjå:)
Lavalampe:
Korleis kan vi lage lavalampe og kva skjer når vi har dei
ulike ingrediensane i olje? Vi undra oss over det.
Trylle fram regnbogen:
Lage regnbogefargar på eit fat ved hjelp av Skittles drops og
varmevatn.
Dansande rosiner:
Kan verkeleg rosinene danse om vi puttar dei oppi eit glas med
kolsyrevatn? Kva skjer om det er vanleg vatn? Vi fekk sjå at rosinene dansa
berre om dei fekk vere oppi vatnet med kolsyre. Om vi tømte vanlig vatn oppi, då
sank dei berre og ville ikkje danse.
Vulkan:
Vi hadde også eit eksperiment ute. Alle satt spente inni gapahuken når
vi skulle lage vulkan.
Går det an å lage vulkan av godteri og cola? Ja, det fekk vi testa ut.
Det spruta ut cola når vi putta masse mentos oppi. Masse av colaen for ut av
flaska. Spennande:)
.................................................................................................................
Det er Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Foreldreutvalget for barnehager (FUB) som står bak Barnehagedagen.
I 2019 vert denne dagen markert for 15 gang.
Tema er barn si nysgjerrighet og undring, med slagordet: "Eg lurer på..."