For første
gong skulle vi Grevlingane få vere med på Julevandring, for no er vi nesten 4
år alle saman. Vi starta frå barnehagen når det nesten var mørkt ute og snøen
lava ned, tung og våt. Når vi kom opp til kyrkja venta Linda og Arnt Ove på oss.
Dei skulle vere i lag med oss på Julevandringa.
Vi samlast
oppe alle saman og Linda fortalde kva som skjedde i Betlehem, og ho spurte
spørsmål til «Grevlingane», som var flinke å svare. Dette kunne dei!!
Det var
spørsmål om kven som ville vere «Dei tre vise menn» og dei fekk på seg fine kle
og fekk med seg gåver, som dei skulle ha med seg til Jesus barnet. Alle fekk sjå på gull,
røykelse og myrra.
Vi
sang «Eg er så glad kvar julekveld» og gjekk på andre sida av galleriet, der
venta Engelen Gabriel på oss. Og han fekk med seg fleire engler. Kvite kapper,
girlander på hovudet og lys i handa!
Vi sang «Ære
vere Gud, ære vere Gud, ære vere Gud i det høgste» og etterpå gjekk vi ned i kyrkja.
Der samla vi
oss rundt bålet, der gjeterane sat og varma seg rundt bålet og passa på sauene.
Vi sang «Eg
er så glad kvar julekveld», medan vi gjekk vidare.
Vi høyrde om
Maria og Josef, som ikkje fekk seg ein annan plass å bo enn i stallen. Alle
samla seg framme, rundt alterringen og Maria og Josef var inne i lag med Jesusbarnet som var fødd i stallen.
Og vi sang «Eit barn er fødd i Betlehem».
Heilt til
slutt sang vi frå barnehagen:
Engelen Gabriel kom fra himmelen,
kom
til Maria i Nasaret.
Maria, Maria du skal bli mor.
Et barn skal du bære til Herrens ære.
En
sønn skal du få i en seng av strå
og
han skal forkynne Guds
ord.
«Barnehagen skal bidra til at at
barna får kjennskap til grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og
tradisjon, og bli kjende med religionar og livssyn som er representert i
barnehagen» (RP.2017)