I dag har heile Bedehusbarnehagen gått på tur til
juletreet på Brenthaugen. Vi pakka godt på oss, tok med mat og drikke.
Marion passa på trafikken mens alle saman gjekk over vegen.
Vi var mange som
skulle over.
Det var nokre stader der vi måtte vere motor for det var
bratt.
Randi drog godt oppover.
Vi nærma oss juletreet no.
Vi var
heldigvis ikkje så sliten enda.
No såg vi juletreet, men det var ikkje
sånn juletre vi hadde forestilt oss. Der var ein stolpe og ikkje eit tre.
Mat og drikke må kroppane ha etter ein flott tur opp.
Vi song
og gjekk rundt juletreet.
Så kjekt at vi år også klarte å gjennomføre denne førjulstradisjonen.