NLM BARNEHAGENE AS

* Maurtua - Revegruppa/Førskulegruppa og Haregruppa

* Bikuba - Klatremusgruppa og Skogmusgruppa

* Ekorna

* Nøtteliten

torsdag 19. oktober 2017

Lavvotur og magiske pannekaker 🍁🍂


Måndag 16.10 var Revane på ny utflukt opp til lavvoen. 
Vi fyrte opp og fekk det godt og varmt inne. Ute var det eit øsande og pøsande regnver. Flott å sitte inne og høyre på regnet!




Vi laga magiske pannekaker med blåbær-og jordbærsylte, las eventyr om "Den lille røde høna", og studerte edderkoppane som kom ned ved ovnsrøret. 





Etter at vi hadde ete oss gode og mette stoppa regnet! Då var det tid for å utforske hausten i skogen og Tarkustreet! 

                            

Tarkus, trafikkvennen vår bur i ei hule under Tarkustreet.

                  

Spennande på tur! 
....................
Rammeplanen for barnehagen sitt innhald og oppgåver (2017):

"Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får gode friluftsopplevingar året rundt!"