I går var Nøttene (dei eldste på Nøtteliten+÷) på tur! Vi
trossa været, på med regnkleda og tok med oss godt humør på tur!
Vi tok oss god tid på vegen, alle var ute av vogna og
øvde seg på å gå fint og holde i handa når vi var på tur. Ikkje alltid like gøy,
mykje spennande i grøfta, og derfor blei det også mykje stopp for å sjå, ta på og snakke om kva skatter vi fant!
Turmålet som var Gurineset, blei det ingenting av. Å sjå
på alle dei fine blada som hadde blåst ned frå trea var mykje meir spennande.
Vi fann raude, grønne, gule, brune, prikkete blad og plukka dei med oss i vogna
tilbake til barnehagen. Eit av barna tok opp eit klissvått blad; såg opp å
"æææsj, våt". Blada hadde også forskjellige størrelser, både store og
små fant vi!
I det vi gjekk forbi eit hus med ein fin hage, vinka eit
av barna til ei dame i vindauget. Ho var bestemor til ei anna jente i
barnehagen, og inviterte oss ned i hagen så vi kunne sjå på fiskane i dammen!
Det var spennande, der svømte fiskane rundt og rundt, store og små ❤
"ooooi, fisk!"
Så det blei ein variert tur i nærområdet, der vi såg at
hausten var i innmarsj, konglene hadde komt på trea og ikkje minst
fiskesafari 😆👍