NLM BARNEHAGENE AS

NLM BARNEHAGENE AVD.TRYGGHEIM BARNEHAGE, VATNE

* Gul avdeling * Blå avdeling *Raud avdeling * Grøn avdeling * Grå avdeling

tirsdag 24. oktober 2017

Revane på gardsbesøk

Mandag 23.okt var Revane på gardsbesøk fram i Vatnebygda.

Vi er bra heldige som får besøke gard med både katt, hestar og høner! 

Hestane fekk gulrot og hønene fekk brød. 











Det er viktig at barna lærer å vise omsorg og respekt overfor dyra. 



Etterpå gjekk vi ned til Vatnevatnet og kosa oss med nista! Vi er bra heldige som har eit slikt nærmiljø med kjekke folk!
🐎 ................................🐔


"Gjennom eit slikt gardsbesøk får barna rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar." (Rpl:22)

torsdag 19. oktober 2017

Lavvotur og magiske pannekaker 🍁🍂


Måndag 16.10 var Revane på ny utflukt opp til lavvoen. 
Vi fyrte opp og fekk det godt og varmt inne. Ute var det eit øsande og pøsande regnver. Flott å sitte inne og høyre på regnet!




Vi laga magiske pannekaker med blåbær-og jordbærsylte, las eventyr om "Den lille røde høna", og studerte edderkoppane som kom ned ved ovnsrøret. 





Etter at vi hadde ete oss gode og mette stoppa regnet! Då var det tid for å utforske hausten i skogen og Tarkustreet! 

                            

Tarkus, trafikkvennen vår bur i ei hule under Tarkustreet.

                  

Spennande på tur! 
....................
Rammeplanen for barnehagen sitt innhald og oppgåver (2017):

"Gjennom arbeid med natur, miljø og teknologi skal barnehagen bidra til at barna får gode friluftsopplevingar året rundt!"

onsdag 18. oktober 2017

Då Gud skapte verda

I haust skal vi på Bikuba ta for oss historia om korleis Gud skapte verda.
Skapelsen bygg på dei 7 dagane der Gud skapte ulike naturfenomen dag for dag, før han den siste dagen kvilte seg, og såg seg fornøgd med det han hadde skapt.
Bilete henta frå  www.kristendommen.no

I september har vi snakka generelt om Skapelsen og kva det tyder. Vi har lest bok og barna har fått sett bilete av korleis verda blei skapt dag for dag. På tavla inne på avdelinga kan ein sjå kva formingsaktiviteter vi har gjort knytt opp mot tema. 
Vi laga natt og dag bilete i september der dei fekk klistre på stjerner på natt, og laga solstrålar på dag.


No i oktober har vi begynt med korleis Gud skapte himmel og hav. Det har vore spennande å høyre om kva skapningar Gud skapte i havet, så vi fann fram forskjellige fiskar som barna kunne sjå nærmare på. Flotte produkt har blitt hengt opp, og barna er ivrig på å fortelje om det dei har laga om og om igjen J


Rammeplanen for barnehagen sitt innhald og oppgåver (2017):
«Personalet skal utforske og undre seg over eksistensielle, etiske, religiøse, livssynsmessige og filosofiske spørsmål saman med barna»

tirsdag 17. oktober 2017

Hausttur i nærmiljøet vårt

I går var Nøttene (dei eldste på Nøtteliten+÷) på tur! Vi trossa været, på med regnkleda og tok med oss godt humør på tur!


Vi tok oss god tid på vegen, alle var ute av vogna og øvde seg på å gå fint og holde i handa når vi var på tur. Ikkje alltid like gøy, mykje spennande i grøfta, og derfor blei det også mykje stopp for å sjå, ta på og snakke om kva skatter vi fant!

                           




Turmålet som var Gurineset, blei det ingenting av. Å sjå på alle dei fine blada som hadde blåst ned frå trea var mykje meir spennande. Vi fann raude, grønne, gule, brune, prikkete blad og plukka dei med oss i vogna tilbake til barnehagen. Eit av barna tok opp eit klissvått blad; såg opp å "æææsj, våt". Blada hadde også forskjellige størrelser, både store og små fant vi!


        

I det vi gjekk forbi eit hus med ein fin hage, vinka eit av barna til ei dame i vindauget. Ho var bestemor til ei anna jente i barnehagen, og inviterte oss ned i hagen så vi kunne sjå på fiskane i dammen! Det var spennande, der svømte fiskane rundt og rundt, store og små "ooooi, fisk!"




Så det blei ein variert tur i nærområdet, der vi såg at hausten var i innmarsj, konglene hadde komt på trea og ikkje minst fiskesafari 😆👍

torsdag 5. oktober 2017

HARANE LAGAR MAT PÅ TUR

Onsdag var Harane på tur til gapahuken i Gurineset.



Der har vi treet vårt, ei bjørk, som vi skal følge dette barnehageåret til alle årstidene.         
Vi ser på endringane og tek bilete med jamne mellomrom. 
Bilda heng på veggen inne på avdelinga.


Det vart litt ruskete ver så middagen vart enkel denne dagen.
Barna fikk bruke kniv til å kutte kyllingpølser, medan vi kokte suppe på stormkjøkken.


For å få ein litt tjukkare konsistens brukte vi ein pakke med potetmos oppi. Her er oppskrift om nokon vil prøve på tur eller heime.

2 pk betasuppe
2 l vatn
1 pk potetmos.
(Halver mengd om ynskjeleg.)

Suppa vart til lapskaus og veldig god.
.....................................

 "Gjennom medverknad i mat- og måltidsaktivitetar skal barna 
motiverast til å ete sunn mat og få ei grunnleggjande forståing for 
korleis sunn mat kan bidra til god helse."  

- Rammeplan for barnehagar 2017 -


onsdag 4. oktober 2017

Flotte haustdagar i fjøra på Vatne



Revane prøvde fiskelukka med fiskestang, vi såg fiskar som svømte, vi fann små og litt større krabber, store sjøstjerner, vi laga akvarium, plukka rusk og kosa oss i sol og varme.

Betre kan vi ikkje ha det! 🐟 🐡







Revane er veldig opptatt av at vi ikkje må kaste frå oss boss! 
Vern om den flotte naturen i nærmiljøet vårt!


"Borna skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen!"

- Henta frå Barnehagelova, 
Rammeplanen 2017 og Årsplan for 
Tryggheim barnehage, Vatne 17-18.