I haust har vi på
«Bedehusbarnehagen» vore med på Barnas Misjonsprosjekt, som dette året har hatt
fokus på Kina.
Det er to prosjekt ein støttar i år:
1.
«Left behind children»
(fråreiste barn). Det betyr her at anten mamma eller pappa, eller begge to, har
reist frå barna sine. Dette for å få seg betre jobbar
slik at dei kan tjene meir pengar. Prosjektet som vi samlar inn pengar til er å
betre situasjonen som barna er i. Og hjelpe dei vaksne til å sjå barna og vise
dei omsorg og kjærleik.
2.
Barn med funksjonshemming. I Kina
vert mange funksjonshemma sett ned på. Ofte blir dei oversett i samfunnet og
mange blir forlatt av foreldra sine. Svært mange får heller ikkje gå på skule.
Pengane vi er med på å samle inn, skal gå til arbeidet i kyrkja der dei har
laurdagsskule. Her får dei høyre at dei er verdfulle i Guds auge og dei får
lære om Jesus. Der har dei også vanlege skulefag, som engelsk, lesing, skriving
og rekning. No ynskjer dei å starte eit senter som kan ha ope kvar dag og ikkje
berre laurdagar.
Maurtua har prega avdelinga med ting vi har fått
lånt som er frå Kina, prøvd kle, hattar og sko.
Laga kinesisk mat, prøvd spisepinnar, sett film og høyrt fortellingar og sett
bileter frå Kina.
Vakker kinesisk lampe.
Det var kjekt å få besøk av Hege
Dalhaug, som har vore utsending i Kina, ho besøkte oss to gonger. Ho
fortalde litt frå korleis dei har det i Kina, viste bilder og hadde med seg
ulike ting som t.d. klede, leiker, og
kva dei vart brukt til. Desse fekk vi låne med ho.
Etter samlingane har vi hatt ulike
formingsaktivitetar. Som t.d.
Måla Pandabjørner og
laga «CD-bjørner».
Vi har vorte kjent med flagget til Kina.
På morgonmøta har vi samla inn pengar borna har hatt
med til barn i Kina.
Mål med prosjektet er:
Vi ynskjer at barna skal:
- Utvikle toleranse og respekt for kvarandre og kvarandre sin bakgrunn.
- Lære litt om misjonsarbeid.
- Lære å sjå andre menneske og gi til andre menneske.
- Lære om andre land og det konkrete landet som er i fokus.
Torsdag 17. november frå kl.14.00 og til 16.30 hadde vi «Grab and go» på barnehagen på både Bikuba og Maurtua. Då
fekk ein kjøpe vafler og inntekta gjekk til «Barn hjelper barn i Kina»
Vi takkar for kr.2850,- som vert sendt til Barnas
Misjonsprosjekt.
Kontonummeret til Barnas Misjonsprosjekt er 82200290131
Innbetalingen må merkast med «Barnas Misjonsprosjekt 11255»