No er eit nytt og spennande
barnehageår starta. Nøtteliten som gjekk på barnehage på helsehuset har skifta namn til Ekorna. Dette barnehageåret finn dykk
oss på Brakkebyen. Vi har blitt to småbarnsavdelingar, og i den anledning har
vi fått ei stor brakke vi kan bruke inntil den nye barnehagen står klar i løpet
av 2017.
Ekorna har i oppstartfasen
fått blitt kjent med Brakkebyen, og inne er det kjekt å boltre seg på store
rom.
Vi har fått eit større uteområde der det er populært å køyre lastebil,
sykle, leike i sandkasse og sparke ball. Vi koser oss ute i både sol og regn.
Ekorna har begynt å gå ein del på tur. Vi har vore på ulike stadar i
nærområdet, og sett mykje spennande som gravmaskiner, busser, ulike dyr og
planter.